Regionar i Chile

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartskisse med namn på regionane i Chile

Chile er delt inn i 16 regionar som er den administrative inndelinga i landet på øvste nivå. Kvar region blir leidd av ein intendant (intendente), utnemnt av presidenten i Chile, og eit direkte valt regionalt styre (consejo regional).

Regionane er delt inn i provinsar, administrativ eining på andre nivå, kvar leidd av ein guvernør (gobernador) utnemnt av presidenten. Det er totalt 56 provinsar. Kvar provins er delt inn i kommunar, den tredje og lågaste administrative eininga, styrt av eit kommunestyre.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Kvar region fekk eit romartal, etterfølgd av eit namn. Til dømes IV Región de Coquimbo, lese som «den fjerde regionen av Coquimbo» på spansk). Då den regionale strukturen vart oppretta, vart romartal tildelt i stigande rekkjefølgje frå nord til sør, med den nordlegaste regionen peika ut som I (første) og den sørlegaste regionen som XII (tolvte). Santiago metropol-regionen, som ligg i sentrum av landet med hovudstaden Santiago, vart ekskludert frå denne namneordninga og fekk i staden initialane RM, som står for Región Metropolitana. Med skipinga av regionane XIV (Los Ríos-regionen) og XVI (Ñuble-regionen) i sør og XV (Arica og Parinacota-regionen) i nord (XIII vart ikkje brukt) i 2007, vart den nord-sør-romerske talrekkjefølgja broten.

I februar 2018 vart lova om styrking av regionalisering vedtatt.[1] Ho fjerna mellom anna romartala frå nemningane.

Historia om den regionale strukturen[endre | endre wikiteksten]

Dei administrative avdelingane i Chile vart oppretta i 1974 og avgrensa til 13 regionar. Før den tid var Chile delt inn i 25 provinsar, som vidare vart delt inn i departement, og deretter i kommunar. Den nye territoriale organisasjonen vart implementert i fasar med nokre innleiande «pilotregionar» som byrja å drifte i 1974, og utvida prosessen 1. januar 1976 til resten av landet. Santiago metropol-regionen byrja å drifte i april 1980.

I desember 2006 vart to nye regionar oppretta: den nordlege Arica og Parinacota-regionen, ved å ta ut dei to nordlegaste provinsane frå Tarapacá-regionen; og Los Ríos-regionen i sør, som omfattar provinsane Valdivia, tidlegare ein del av Los Lagos-regionen, og Ranco, tidlegare ein del av Valdivia.[2] Begge regionane vart operative i oktober 2007.

I august 2017 vart Ñuble-regionen oppretta frå det som då var Ñuble-provinsen i Biobío-regionen. Den gamle provinsen vart delt inn i tre nye provinsar: Diguillín, Punilla og Itata. Hovudstaden til den nye regionen er Chillán. Han vart operativ i september 2018.[3]

Liste av regionar[endre | endre wikiteksten]

Sjå Chile#Administrativ_inndeling

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Cooperativa.cl. «Ley les quitó los números a las regiones: Ahora solo se conocerán por su nombre - Cooperativa.cl». cooperativa.cl. Arkivert frå originalen 8. mars 2018. Henta 7. januar 2023. 
  2. «La Nación». diariolanacion.cl. Arkivert frå originalen 20. september 2016. Henta 7. januar 2023. 
  3. LEY-21033 05-SEP-2017 MINISTERIO DEL INTERIOR Y SEGURIDAD PÚBLICA - Ley Chile - Biblioteca del Congreso Nacional" Henta 7. januar 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]