Regionar i Slovakia

Regionar (slovakisk kraj, fleirtal kraje) er ei administrativ inndeling av Slovakia. Landet er delt inn i 8 regionar[1] som igjen er delte inn i 79 distrikt (slovakisk okres, fleirtal okresy). [2] Regionane ligg på NUTS 3-nivå i EU-statistikk.[3] Kvar region har namn etter hovudsetet i regionen.
Ordet región på slovakisk kan vise til regionar i Slovakia som ikkje nødvendigvis følgjer dei same grensene som dei administrative regionane, til dømes tradisjonelle regionar eller turistregionar.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Historisk har Slovakia vore oppdelt i fylke (slovakisk župy eller stolice). Den noverande inndelinga i regionar stammar frå 1948. Talet på regioner har variert, og mellom 1990 og 1996 var regionsnivået avskaffa før det blei innført på nytt gjennom Lov av 24.07.1996 nr. 221/1996 om territoriell og administrativ organisering av Republikken Slovakia.[4]
Frå 2002 er landet òg delt inn i 8 sjølvstyrande regionar (samosprávne kraje) som territorielt fell saman med dei administrative regionane. Skilnaden er at dei sjølvstyrande regionane er baserte på lokalstyre og valde representantar, medan dei administrative regionane er styrde av staten, om lag som skiljet i Noreg mellom fylkeskommune og fylke.[5]
Regionane
[endre | endre wikiteksten]- Banská Bystrica (Banskobystrický kraj) (senter Banská Bystrica)
- Bratislava (Bratislavský kraj) (senter Bratislava)
- Košice (Košický kraj) (senter Košice)
- Nitra (Nitriansky kraj) (senter Nitra)
- Prešov (Prešovský kraj) (senter Prešov)
- Trenčín (Trenčiansky kraj) (senter Trenčín)
- Trnava (Trnavský kraj) (senter Trnava)
- Žilina (Žilinský kraj) (senter Žilina)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Regions of Slovakia». statoids.com. Henta 6. august 2026.
- ↑ «Districts of Slovakia». statoids.com. Henta 7. august 2026.
- ↑ «NUTS: Background». eurostat. Henta 6. august 2026.
- ↑ «Zákon č. 221/1996 Z. z.». Zákony pre ľudí. Henta 6. august 2026.
- ↑ «Zákon č. 302/2001 Z. z. (Lov av 27.07.2001 om sjølvstyre for høgare territorielle einingar (Lov om sjølvstyrande regionar)». Zákony pre ľudí. Henta 6. august 2026.
- Delar av denne artikkelen byggjer på «Slovakias regioner» frå Wikipedia på bokmål, den 6. august 2026.