Regionen Auckland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regionen Auckland
region
Land  New Zealand
Areal 4 894 km²
Folketal 1 695 200  (Estimat juni 2022[1])
Kart
Regionen Auckland
36°54′0″ S 174°46′0″ E
Wikimedia Commons: Auckland Region
Nettstad: http://aucklandcouncil.govt.nz

Regionen Auckland er ein av dei seksten regionaneNew Zealand, og har fått namn etter Auckland City, den store byen som ligg midt i regionen. Dette er den mest folkerike regionen på New Zealand, og også den mest velståande økonomisk sett. Den 1. november 2010 vart Regionen Auckland ei sameint styresmakt underlagt Auckland Council, som erstatta det tidlegare regionstyret og sju lokale distriktsstyre. I denne prosessen vart eit område i det søraustlege hjørnet overført til naboregionen Waikato.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fargebilete av North Auckland Peninsula med Aucklandregionen nede i biletet og Haurakigolfen til høgre. Foto: NASA

Regionen ligg på Nordøya og strekkjer seg frå munningen til Kaipara Harbour i nord, over dei sørlege delane til halvøya North Auckland Peninsula, forbi Waitakere Ranges og eidet der Auckland ligg, til Hunua Ranges og søretter låglandet til Manukau Harbour. Regionen sluttar nokre få km frå utløpet til elva Waikato River. Han grensar i nord til regionen Northland, og i sør til regionen Waikato. Øyene i Haurakigolfen høyrer òg med til regionen.

Hunua Ranges og den tilstøytande kystlinja langs Firth of Thames var ein del av regionen fram til danninga av Auckland Council sist i 2010, då dei vart overføre til regionen Waikato.

Landarealet er det minste av alle newzealandske regionar og territoriale distrikt utanom Nelson. Det høgaste punktet i regionen er fjellet Mount Hauturu som ligg på øya Little Barrier Island, og som måler 722 moh.

Territoriale farvatn[endre | endre wikiteksten]

Stillehavet og Tasmanhavet dannar kystlinja kring regionen Auckland. Austkysten grensar mot Haurakigolfen, ein arm av Stillehavet som ligg i ly av ei betydeleg mengde større og mindre øyer, mellom dei Great Barrier Island i nordaust. Ein arm av Hauraki, Waitematahamna dannar hovudhamna i Auckland City. Kystlinja til regionen måler 1 613 km. Mykje av kystområda omfattar følsame marine tidvassområde og elveutløp og dei halvt innestengde havbuktene Waitemata, Manukau og Kaipara.

Mot vest ligg to store, naturlege hamner, Kaipara og Manukau. På grunn av vanskelege seglingsfarvatn ved innløpa er desse hamnene lite bruka av skipsfarten. Kaipara Harbour, der den sørlege delen ligg i regionen Auckland, er ei av dei største naturlege hamnene i verda, og dekkjer ei flate på 530 km². Manukau Harbour, som ligg i den sørvestlege delen av regionen, har ei lita hamn i Onehunga, men her er det også vanskelege seglingstilhøve - særleg i sørvestleg vind som er den mest vanlege vindretninga. Flyplassen Auckland International Airport ligg inntil Manukau Harbour Regionen har mange fine strender, særleg ved Tasmankysten sør for Kaipara. Mellom desse er strendene Muriwai og Piha.

Stranda Piha Beach sett frå sør mot Lion Rock

Vulkanske område[endre | endre wikiteksten]

Mykje av dei urbane områda i Auckland ligg i det vulkanske området Auckland Volcanic Field. Området er spekka med 49 vulkanar av ulik alder, dei eldste i regionen er 150 000 år gamle. Det siste utbrotet fann stad for om lag 600 år sidan, dette avslutta nokre få hundre års vulkansk aktivitet då øya Rangitoto vart danna.

Kvart vulkansk utbrot har hatt tendens til å vera større enn det førre, og Rangitoto utgjer nesten 60 % av det vulkanske materialet i området. Alle vulkanane er heller små, dei fleste under 150 meter høge.

Ein stor del av vulkanane i Auckland er gjennom åra blitt utjamna eller sterkt endra — for ein liten del brukte maoriar dei i historisk tid som forskansa landsbyar (pa), eller til jordbruksland i terrassar, men for det meste har det vore utgravingar i nyare tid, og massane er då brukte til vegbygging og andre former for byggematerialar. Det er no teke åtgjerder for å ta vare på mange av dei vulkanane som er att, og bruka dei som landemerke eller parkar.

Vêrlag[endre | endre wikiteksten]

Regionen Auckland har temperert klima, varmt og fuktig om sommaren, kjøligare og rått om vinteren. Gjennomsnittstemperaturen i januar er frå 21-24 °C. Februar er gjerne varmare enn januar og maksimumstemperaturen i juli er mellom 14-16 °C. Nedbøren er rikeleg nesten heile året (over 1200 mm årleg), særleg om vinteren. Vêrlaget kan variera lokalt i ulike delar av regionen av topografiske årsaker (åsar og trevokstrar) og vekslande vindar som kjem inn frå havet.

Klimatabell: Auckland (Owairaka)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,3°C
73,94°F
23,7 °C
74,7 °F
22,4 °C
72,3 °F
20,0 °C
68,0 °F
17,4 °C
63,3 °F
15,2 °C
59,4 °F
14,5 °C
58,1 °F
15,0 °C
59,0 °F
16,2 °C
61,2 °F
17,8 °C
64,1 °F
19,6 °C
67,3 °F
21,6 °C
70,9 °F
18,9°C
66,0°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 15,3°C
59,6°F
15,8 °C
60,5 °F
14,6 °C
58,3 °F
12,3 °C
54,2 °F
10,0 °C
50,0 °F
8,0 °C
46,4 °F
7,1 °C
44,8 °F
7,6 °C
45,7 °F
8,9 °C
48,0 °F
10,5 °C
50,9 °F
12,1 °C
53,78 °F
13,9 °C
57,0 °F
11,3°C
52,4°F
Gjennomsnittleg total nedbør 75 mm
2.95 "
65 mm
2.56 "
94 mm
3.70 "
105 mm
4.13 "
103 mm
4.06 "
139 mm
5.47 "
146 mm
5.75 "
121 mm
4.76 "
116 mm
4.57 "
91 mm
3.58 "
93 mm
3.66 "
91 mm
3.58 "
1240 mm
48.82 "
Gjennomsnittleg tal på regnvêrsdagar 8 7 9 11 12 15 16 15 14 12 11 9 137
Kjelde: Niwa Science climate data

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kart over folketettleiken i Regionen Auckland ved folketeljinga i 2006. Klikk på kartet for å sjå teiknforklaringa.

Trass i det vesle arealet er regionen langt den mest folkerike på New Zealand.

Aucklandregionen dekkjer 4 941,13 km² og hadde ei estimert folkesetnad på 1 695 200 per juni 2022, med ein befolkningstettleik på 343 menneske per km2.[1]

År Folketal Årleg
vekst
1991 943 773
1996 1 068 660 +2,52 %
2001 1 158 891 +1,63 %
2006 1 304 958 +2,40 %
2013 1 415 550 +1,17 %
2018 1 571 718 +2,12 %

Ved folketeljinga i New Zealand i 2018 var folkesetnaden 1 571 718, ein auke på 156 168 menneske (11,0 %) sidan folketeljinga i 2013, og ein auke på 266 760 menneske (20,4 %) sidan 2006-folketeljinga. Det var 496 458 husstandar. Det var 776 979 menn og 794 742 kvinner, noko som gav eit kjønnsforhold på 0,98 menn per kvinne. Medianalderen var 34,7 år, jamført med 37,4 år nasjonalt.

Fordelinga på etnisitetar var 53,5 % europeiske, 11,5 % maori, 15,5 % stillehavsfolk, 28,2 % asiatiske og 3,3 % andre etnisitetar, totalt meir enn 100 % sidan folk kunne identifisere seg med fleire etnisitetar.

Engelsk er det mest talte språket (92,8 %) etterfølgd av samoansk (4,4 %), mandarin (4,4 %), hindi (3,0 %) og maori (2,4 %). Prosentdelar utgjer meir enn 100 % ettersom folk kan velje meir enn eitt språk.

Denne statistikken set lys på det etniske mangfaldet i Aucklandregionen, særleg når ein samanliknar med resten av New Zealand.

Regionen omfattar byane i Auckland metropolitan area, mindre byar, landområde og øyene i Haurakigolfen.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Regionen[endre | endre wikiteksten]

Fram til omorganiseringa var Aucklandregionen er styrt av regionrådet, Auckland Regional Council, som var ei vidareføring av Auckland Regional Authority. Regionrådet (vanlegvis kalla ARC) hadde heller liten kontroll over byen, og tok seg mest av miljøvern, løyvingar til offentleg transport og tilsyn med parkar og kystområde i regionen. Myndet over andre saker var lagt til lokale territorialstyresmakter, Territorial Local Authorities (TLA), som det var sju av i Aucklandregionen, fire byar og tre distrikt. Auckland Council er ei sameint styresmakt som no styrer over alle desse sakene.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Distrikta som opphøyrde som sjølvstendige lokale administrative einingar 1. november 2010 var:

Rodney District som ligg nord for byområda i Auckland og omfatta byane Orewa, Warkworth, Helensville og Wellsford.

Papakura District ligg i sør. Det omfatta ein forstad med same namn.

Franklin District ligg lenger mot sør, og den nordlege delen av dette distriktet høyrde til Aucklandregionen (den sørlege halvdelen låg i Waikatoregionen). Franklin omfatta byane Waiuku og Pukekohe.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Auckland bysentrum

Mellom dei stort sett landlege distrikta Rodney og Franklin ligg dei utbreidde tettare bygde områda til dei fire største byane i regionen. Auckland omkransar Waitematahamna og strekker seg sørover frå Auckland eidet langs breiddene til Manukau Harbour. Han breier seg også nordover langs kysten til Haurakigolfen til Waiwera.

Auckland City dekker det meste av eidet.

North Shore City ligg tvers over Waitemata frå Auckland City.

Waitakere City ligg vest for Auckland City, nedunder dei austlege sidene til åsrekkja Waitakere Ranges.

Manukau ligg sør for Auckland, nær den austlege stranda til hamna som han har gjeve namn til. Auckland International Airport ligg i Manukau City.

«Stor-Auckland» strekkjer seg også litt utanom desse fire byane og inn i tilstøytande delar av dei tidlegare distrikta Papakura, Franklin og Rodney.

Helsedistrikt[endre | endre wikiteksten]

Tre helsedistrikt District Health Board (DHB) dekkjer Aucklandregionen. Det er Waitemata Health, Auckland District Health Board og Counties Manukau Health.

Administrativ strukturendring[endre | endre wikiteksten]

Gjennom fleire år vart det — i samband med diskusjonar om auka rentekostnader og planar om å betra dei offentlege tenestene i regionen — reist spørsmål om ei vidare samanslåing av dei lokale administrasjonseiningane i Auclandregionen. I hovudsak dreia dette seg om samanslåing av dei tettliggjande byane i Auckland, og det var òg på tale å danna ein territorial region (unitary authority), dvs. avskaffa distriktsstyra og berre ha att eit regionstyre for alle offentlege funksjonar, som i t.d. Nelson. Dette vart altså gjennomført 1. november 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]