Hopp til innhald

Lykke-regjeringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Regjeringa Lykke)

Ivar Lykke si regjering tiltredde 5. mars 1926 og gjekk av 28. januar 1928. Den var ei mindretalsregjering med medlemmar frå Høgre og Frisinnede Venstre. Regjeringa Lykke tok over etter Mowinckels første regjering, og blei avløyst av den kortliva Hornsrud-regjeringa.

Statsrådpost Statsråd Periode[1] Parti
Statsminister Ivar Lykke Høgre
Utanriksminister Ivar Lykke Høgre
Forsvarsminister Karl Wefring – 26. juli 1926 Frisinnede Venstre
Ingolf Elster Christensen 26. juli 1926 – Høgre
Finansminister Fredrik Konow Frisinnede Venstre
Handelsminister Charles Robertson Høgre
Arbeidsminister Anders Venger – 26. juli 1926 Høgre
Worm Darre-Jenssen 26. juli 1926 – Høgre
Justis- og politiminister Ingolf Elster Christensen – 26. juli 1926 Høgre
Knud Iversen Øyen 26. juli 1926 – Høgre
Sosialminister Andreas Morell Høgre
Landbruksminister Ole Bærøe Høgre
Kyrkje- og undervisingsminister Wilhelm Magelssen – 25. desember 1927 Høgre
Ole Bærøe 25. desember 1927 – Høgre
  1. Viss ikkje anna er nemnt, var statsrådperioden frå 5. mars 1926 – 28. januar 1928