Regjeringsadvokaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regjeringsadvokaten er den norske staten sitt advokatkontor i sivile saker. Embetet er prosessfullmektig for staten i rettssaker og bistår regjeringa og departementa i rettslege spørsmål.

Regjeringsadvokaten er organisert med kontor i Oslo. I 2015 blei Fredrik Sejersted leiar for kontoret.[1] Embetet ligg administrativt under Statsministerens kontor.

Regjeringsadvokaten sitt saksfelt omfattar alle område av verksemda til staten, med unntak for straffesaker. Eksempel på saker som blir omfatta av Regjeringsadvokaten sin kompetanse er domstolskontroll ved utøving av offentleg mynde (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon mv.), erstatningssaker, eigedomssaker, saker vedkomande arbeids- og tenestetilhøve mv. (sivile saker).

Hovuddelen av advokatane si tid går med til å førebu og føre rettssaker for domstolane. Regjeringsadvokaten sine advokatar opptrer på alle nivå i norske domstolar, og i internasjonale domstolar som Den europeiske Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og EFTA-domstolen i Luxembourg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Regjeringsadvokatembetet blei oppretta like etter at Noreg blei sjølvstendig i 1814. Den første regjeringsadvokaten tok til i 1816. Han fekk instruks av 9.4.1816 og samla då under seg dei oppgåvene som tidlegare hadde vore fordelt på fire instansar, nemleg kammeradvokaten, generalfiskalen, sjøkrigsprokurøren og tollprokurøren. Regjeringsadvokaten skulle føre saker for regjeringa eller departementa, innberette dommane til dei respektive departementa og avgi si vurdering med omsyn til eventuell appell, og endeleg levere juridiske fråsegner til regjering eller departement. Det vart føresett at Regjeringsadvokaten ved sida av sine embetsplikter dreiv eigen privat sakførarverksemd.

Sjølv om Regjeringsadvokaten såleis var prosessfullmektig for dei norske statsstyresmaktene, var likevel embetsdistriktet frå starten av avgrensa til dei landsdelane som dåverande kommunikasjonsmiddel gjorde praktisk mogleg. Utanfor dei områda der han var forplikta til å møte personleg, kunne han opptre via «kommisjonærar». Distriktet blei gradvis større, men så seint som ved embetsinstruksen av 1939 blei Regjeringsadvokaten friteken for å føre saker ved Hålogaland lagmannsrett og ved by- og heradsrettane i Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Først ved den nye instruksen i 1962 blei denne ordninga fjerna. Regjeringsadvokaten blei embetsmann og mista retten til å drive eigen sakførarpraksis. Det blei no også slått fast at han ikkje måtte utføre arbeid for Stortinget eller institusjoner under dette.

I byrjinga av 1962 var det ein regjeringsadvokat og fire-fem tilsette advokatar. Embetet har vakse jamnt og trutt, og det er no ca. 35 advokatar ved embetet.

Lista over regjeringsadvokatar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hvem er Regjeringsadvokaten, arkivert frå originalen 7. april 2015, henta 21. mars 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]