Regnbogebietar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnbogebietar
Bilete frå Cairns, Queensland, Australia Foto: JJ Harrison
Bilete frå Cairns, Queensland, Australia
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Bietarfamilien Meropidae
Slekt: Merops
Art: Regnbogebietar M. ornatus
Vitskapleg namn
Merops ornatus

Regnbogebietar, Merops ornatus, er ein nær-sporvefugl i bietarfamilien Meropidae. Dette er den einaste bietararten som lever i Australia. Han er ein flyttfugl som vandrar nordover om vinteren.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Regnbogebietar i flukt
Foto: Brett Donald

Regnbogebietar er ein briljant farga art som blir 19–24 cm, maksimalt 28 cm, i lengd, inkludert dei langstrakte halefjørene. Øvre rygg og vengdekkfjører er grøne i farga, og den nedre delen av ryggen og dekkfjørene under stjerten er lys blå. Undersida av vengene og handsvingfjørene er raude med svart på tippen, og halen er svart til djupt fiolett. Regnbogebietarar har to sentrale halefjør som er mykje lengre enn dei andre halefjørene, og lengst på hannfuglane. Krona på hovudet, buken, brystet og halsen er bleik gulaktig i farga, og han har ei svart smekke og ei svart augestripe. Han har raud iris. Nebbet er kraftig nedbøygd.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Regnbogebietar er ein vanleg art i utbreiingsområdet, sommarstid kan han bli observert i skogsområde i mesteparten av det sørlege Australia unntatt Tasmania. Dei trekkjer nordover til nordlege Australia, Ny-Guinea, og nokre av dei sørlege øyane i Indonesia om vinteren.

Dei vel habitat i opne skogsområde, ved strender, sanddyner, klipper, mangrove, og dei vitjar ofte parkar og hagar.[1][2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Som andre artar av bietarar, er regnbogebietarar sosiale fuglar. Utanom hekkesesongen kviler dei saman i store flokkar i tett undervegetasjon eller i store tre.

Hekkesesongen er før og etter regntida i nord, og frå november til januar i sør. Ein trur regnbogebietarar dannar par for livet. Hoa grev ut hòlet til reirplassen, ho balanserer på vengene og føtene, grev samstundes med nebbet, og skyver ut laus jordmasse bakover med føtene. Hoa kan grave rundt 7 til 8 cm ned kvar dag. Hannen bringer føde av insekt til hoa medan ho grev. Tunnelen inn til reirhòlet er særs trong, og fuglane trykkjer kroppen så hardt mot tunnelveggene at kroppen fungerer som eit stempel som pumpar frisk luft og pressar ut gammal luft når dei passerer gjennom tunnelen.

Regnbogebietarar har òg vore kjente for å dele tunnelane med andre bietarar og nokre gonger òg med fuglar av andre artar. Hoa legg mellom 3 og 7 skinande kvite egg, som blir ruga i omtrent 24 dagar før klekking. Begge foreldra syter for mat til ungane som blir flygedyktige etter ca. 30 dagar. Agapadder er kjente for å ta bietarungar.[3]

Regnbogebietarar beitar mest på insekt i flukt, men som namnet ymtar om føretrekkjer dei bier. Regnbogebietarar vil alltid speide etter flygande insekt, og kan oppdage eit potensielt måltid opptil 150 meter unna. I det bietaren har oppdaga eit insekt vil han stupe ned frå greina der han sit, fangar insektet og flyg tilbake til greina. Bietaren vil då slå bytet mot greina for å avlive det. Sjølv om regnbogebietarar er immune mot stikk av bier og kvefs, vil dei fjerne stikkbrodden frå insektet ved å gni det mot greina, samstundes som dei lèt att auga for å unngå å giftsprut. Bietarar kan ete fleire hundre bier om dagen, og kan gjere skade for birøktarar, men skaden er generelt balansert med rolla dei har i å halde bestanden av skadeinsektartar som grashopper og stikkekvefs under kontroll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pizzey, Graham; Knight, Frank (1997). Field Guide to the Birds of Australia. Sydney, Australia: HarperCollinsPublishers. s. 308. ISBN 0-207-18013-X. 
  2. Peter, Trusler. Birds of Australian gardens. Littlehampton Book Services Ltd. 
  3. Boland, C. R. J. (2004). «Introduced cane toads Bufo marinus are active nest predators and competitors of rainbow bee-eaters Merops ornatus: observational and experimental evidence». Biological Conservation 120 (1): 53–62. doi:10.1016/j.biocon.2004.01.025. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]