Regnbogeflagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Regnbogeflagg)
Regnbogeflagget.
Regnbogeflagget med rosa og fiolett.

Regnbogeflagget er eit populært symbol i LHBT-rørsla. Han står for stoltheit og mangfald hjå homoseksuelle, biseksuelle og transpersonar. Regnbogeflagget står òg for respekt for medmenneske og toleranse. Flagget vart til i USA på 1970-talet av Gilbert Baker og har sidan spreidd seg til heile verda. Fyrste gong flagget vart synt offentleg var under San Francisco Pride i 1978. I 1994, under 25-årsmarkeringa til Stonewallopprøret, vart det laga eit fleire kilometer langt regnbogeflagg som vart bore, i fleire korte delar, i prideparaden i New York. Flagget har sidan vorte nytta i fleire ulike pridefestivalar over heile verda.

Opphavleg hadde regnbogeflagget åtte farger: rosa, raud, oransje, gul, indigo, grøn, blå og fiolett. Indigo og rosa vart teken vekk tidleg, rosa fordi den var vanskeleg å trykkje på stoff og fiolett fordi det fungerte betre reint praktisk når ein skulle dele flagget på to sider av ei gate under prideparaden.

Flagget har vanlegvis seks farger, med den raude øvst, men av og til er dei to ekskluderte fargene inkludert att og flagget inneheld då åtte farger. Alle fargene symboliserer ein eigenskap.

  1. Rosa - seksualitet
  2. Raud - liv
  3. Oransje - læking
  4. Gul - sola
  5. Grøn - naturen
  6. Fiolett - magi
  7. Blå - harmoni
  8. Lilla - ånd

Liknande flagg vert nytta i Sør-Amerika som eit symbol for indianarane der og i Italia som eit fredssymbol. Desse flagga er ikkje heilt like regnbogeflagget som HBT-rørsla nyttar. I USA har liknande flagg vorte nytta tidlegare med andre tydingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]