Reidar Almås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Almås
Fødd8. februar 1943
Korsvegen
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, forskar, sosiolog
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Alma materUniversitetet i Trondheim
Universitetet i Bergen

Reidar Almås (fødd 8. februar 1943 på Korsvegen) er ein norsk sosiolog og professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk. Almås er òg ein aktiv kronikør og samfunnsdebattant. Fram til han gjekk av med pensjon var Almås tilsett som seniorrådgivar ved Norsk senter for bygdeforskningDragvoll, NTNU, eit forskingssenter han var med å starte i 1982.[1]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Almås vart Cand.mag. (1968) ved Universitetet i Trondheim med kjemi, matematikk og historie som fag og Cand.polit. ved Universitetet i Bergen (1973) med sosiologi hovudfag. Her leverte han hovudoppgåve med tittelen «Bonde og meierikapital. Om bakgrunnen for og konsekvensar av meierirasjonalisering». Almås vart dr.philos. i 1980 ved Universitetet i Trondheim med avhandlinga Nye organisasjonsformer i jordbruket, om norsk landbruk og framtida det hadde. Han vart professor II i bygdesosiologi ved Universitetet i Trondheim i 1986.

Aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1975 stod Almås i spissen for den såkalla Hitraaksjonen, der småbønder på Trøndelagskysten gjekk saman om ein skattenektaksjon i protest mot landbrukspolitikken regjeringa førte. Aksjonen fekk mykje merksemd i media, og tvinga styresmaktene til å justere landbrukspolitikken. På denne tida var Almås inspirert av ml-rørsla, og på slutten av 1970-talet var han òg medlem i AKP(m-l).[2]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Almås har forska på tema som blant anna «Arbeidsulykker og yrkesslitasje i landbruket», «Samdrift», «Arbeidsinnvandring til det norske landbruket», «Offentleg dialog om genmodifisert mat» og «Landbrukspolitikk og klimakrise». I 1987 forska han i California og frå 1994 til 1995 studerte han i Paris. Han hadde òg studieopphald i East Lansing i Michigan og i Brisbane i Australia.

All forskinga hans har vore relatert til landbruk og bygdesamfunn, og han har utgjeve fleire bøker om emnet, som blant anna Norges landbrukshistorie Bind IV (2002), Bygdeutvikling (1995), Arbeidsmiljøet i landbruket (1993), Bygdesosiologi (1985) og Norsk jordbruk – det nye hamskiftet (1977). I 2008 vart han valt til president i den internasjonale bygdesosiologiorganisasjonen, International Rural Sociology Association (IRSA).[3]

Anna[endre | endre wikiteksten]

I 1998-2001 var han med i styringsgruppa i Verdikommisjonen.[1] Almås deltok i 2001 i den tre-delte dokumentaren Norgesbygda som vart send på NRK.

I 2011 utnemnde kong Harald V han til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen hans innan bygdesosiologi.[4]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Reidar Almås (2009): Norsk landbrukspolitikk i Grues tid. I Andreas Hompland (red) (2009): I Grues tid. Tun Media Forlag, Oslo.[5]
  • Almås, R., M. S. Haugen, J.F. Rye og M. Villa (2008): Den nye bygda. Tapir Akademiske Forlag. (450 s.).
  • Reidar Almås (ed) (2004): Norwegian Agricultural History. Tapir Akademiske Forlag, Trondheim.
  • Reidar Almås and Geoffrey Lawrence (ed) (2003): Globalisation, Localisation and Sustainable Livelihoods. London: Ashgate.
  • Jacobsen, Eivind, Reidar Almås og Jahn Petter Johnsen (red) (2003): Den politiserte maten. Oslo: Abstrakt forlag.
  • Reidar Almås og Berit Nygård (2003): Etiske spørsmål rundt genmodifiserte jordbær. Bidrag til Jacobsen, Eivind, Reidar Almås og Jahn Petter Johnsen (red) (2003): Den politiserte maten. Oslo: Abstrakt forlag.
  • Reidar Almås (2003): Bygdesosiologi- frå prærien til fjell og fjord. I Haugen, Marit og Egil Petter Stræte (red) 2003: Ut i verden og inn i bygda. Festskrift til Reidar Almås. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.
  • Reidar Almås (2003): Two roads to the global village: A comparison of how a coastal and a mountain region of Norway have found strategies to cope with globalization. In Reidar Almås and Geoffrey Lawrence (ed) (2003): Globalization, Localization and Sustainable Livelihoods. London: Ashgate.
  • Reidar Almås, Marit Haugen og Jahn Petter Johnsen (red) (2002): Bygdeforskning gjennom 20 år. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag.
  • Reidar Almås (2002): Norges landbrukshistorie Bind IV. Frå bondesamfunn til bioindustri. Oslo: Det Norske Samlaget.
  • Reidar Almås (1995): Bygdeutvikling. Oslo: Det Norske Samlaget.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bygdeforskning - Bygdeforskning gratulerer Reidar med 70-årsdagen![daud lenkje]
  2. Hans Petter Sjøli: Mao, min Mao, side 250, note 292, Cappelen (2005) ISBN 82-02-23353-4
  3. «IRSA Past Presidents | International Rural Sociology Association». www.irsa-world.org (engelsk). Arkivert frå originalen 2017-11-11. Henta 11. november 2017. 
  4. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, vitja 28. mars 2010.
  5. Bibliografi etter CV

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]