Reidar Goa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Goa
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1942
Stavanger kommune
Død

8. september 2018 (76 år)
Randaberg

Idrett fotball

Reidar Goa (8. april 19428. september 2018) var ein norsk fotballspelar frå Randaberg i Rogaland. Han var ein solid midtstoppar i det Viking-mannskapet som vart seriemeister fire år i rad.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Goa var ein sentral spelar på Randaberg IL i tida 1959-65, vekselvis som forsvarsspelar og senterløpar. Etter å ha vore med å sikre laget opprykk frå 4. divisjon, melde han overgang til 2. divisjonslaget Viking Fotballklubb. Frå 1966 til 1977 var han Viking-spelar, dei ti siste sesongane i 1. divisjon. Gjennom desse ti sesongane spelte han 195 seriekampar, utan å skåre eitt einaste mål. Åra frå 1972 til 1975 vann Viking og Goa årleg den norske toppserien. I sin einaste cupfinale, NM-finalen 1974, måtte Goa tole tap mot Skeid.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Goa debuterte på juniorlandslaget som 17-åring. Fyrst 28 år gammal fekk han sin debut på Noregs A-landslag, 13. mai 1970. Neste kamp i landslagstrøya kom då Noreg 4. september 1974 slo Nord-Irland 2–1 i ein EM-kvalifiseringskamp. Etter å ha vore høgreback, fekk han vårsesongen 1975 to landskampar som midtstoppar i spann med Jan Birkelund.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1972, 1973, 1974 og 1975 for Viking FK
  • Tapande cupfinalist: 1974 med Viking FK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]