Reidar Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Hagen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. oktober 1923
Død

22. november 1982 (59 år)

Idrett friidrett

Reidar Hagen (25. oktober 192322. november 1982) var ein norsk friidrettsutøvar frå Kvikne i Nord-Fron som vart noregsmeister fire gongar i diskoskasting i tida 1953-57. Han var medlem i Vinstra IL.

Hagen sikra seg i perioden 1952–61 anten gull- eller sølvmedaljen i diskosøvinga under noregsmeisterskapen i friidrett. Åra 1953, 1954 og 1956, 1957 vann han gullmedaljen. Hagen presterte livsbeste då han på Tretten den 19. juni 1960 slengde diskosen 52,83 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]