Reidar Nyborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reidar Nyborg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1923
Ringsaker
Død

30. april 1990
Ringsaker

Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Reidar Nyborg (4. april 192330. april 1990) var ein norsk langrennsløpar som deltok i vinter-OL 1948 i St. Moritz og der var med på det norske stafettlaget som vann bronsemedaljen. Nyborg, som var både fødd og døydde i Ringsaker, vart noregsmeister på tremila i 1949.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nyborg deltok for Noreg i vinter-OL 1948 i St. Moritz. Der vart han nummer 17 på 18 km. Han vann så ein olympisk bronsemedalje då han gjekk tredjeetappen på det norske laget på 4 x 10 km, ein kvartett som hamna langt bak olympiameistrane frå Sverige og sølvgutane frå Finland. Dei andre på Noregs lag var Erling Evensen, Olav N. Økern og Olav I. Hagen.

I 1949 fekk Nyborg fullklaff med forma til noregsmeisterskapen på Steinkjer. Etter å vorte noregsmeister på 30 km føre Oddvar Sandvig, gjekk han inn til sjetteplass på 18 km. På den avsluttande 50-kilometeren vart det bronse på Nyborg, slått av femmilsslukaren Magnar Estenstad med to og eit halvt minutt, Kåre Tømte tok sølvmedaljen. Nyborg la deretter opp.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Nr 8 på 18 km
  • 1948: Nr 7 på 18 km
  • 1949: Gullmedalje på 30 km og bronsemedalje på 50 km i Steinkjer

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen:Den nye olympiaboken. 1957