Reidar Omang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Omang

Fødd26. november 1897
Død15. oktober 1964
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar, arkivar, bibliotekar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Reidar Omang (26. november 189715. oktober 1964) var lærar, bibliotekar, sjef for arkivet i Utanriksdepartementet, og riksarkivar. Han var og forfattar og historikar. Han var son til botanikaren Simen Oscar Fredrik Omang.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Omang tok artium ved Skiens offentlege skule i 1916. Han vart Cand. mag. ved Universitetet i Oslo i 1924 og Cand. philol. same stad i 1930, med historie som hovudfag og geografi og engelsk som bifag.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Reidar Omang var lærar ved Kviteseid private middelskule 1918-1919 og årsvikar ved Skien Gymnas frå 1919-1920. Frå 1923-1935 var han tilsett ved Universitetsbiblioteket. Frå 1928 var han sjef for Handskriftsamlinga. I åra 1928 til 1945 var han bibliotekar ved Slottet.

Med stipend frå Universitetets jubileumsfond var han i 1932 og 1934 i Sverige for å drive forskingsarbeid i Riksarkivet og i handskriftsamlingane ved Kungl. Biblioteket, Nordiska Museet og Göteborgs Stadsbibliotek. Ved kgl. resolusjon 4. september 1935 vart han utnemnd til førstearkivar (sjef) for Utenriksdepartementets arkiv. Her bygde han opp eit arkivsystem som lenge var i bruk i Utanrikstenesta. Denne stillinga hadde han under heile andre verdskrig og fram til 1960.

Reidar Omang leia 9. april 1940 evakueringa av dokument frå UD-arkivet i Oslo, og sytte for å få dei trygt plassert i Sverige. Han oppheldt seg først på Sälen i Dalarna nokre veker, og kom deretter til Stockholm. I mai drog han til Tromsø, der Regjeringa oppheldt seg. Etter at Kongen og Regjeringa forlet landet, drog Omang attende til Stockholm, og var stasjonert der i vel eit år. I august 1941 kom han til London, og arbeidde i det norske utanriksdepartementet fram til frigjeringa.

Etter krigen gjennomførte Reidar Omang talrike – mange av dei langvarige – reiser til Sverige, Danmark, Tyskland (for studiar av dokument om Noreg 1905-1940 i Auswärtiges Amt), England og Frankrike. Han deltok i registreringa av arkivsaker som omfatta Noreg i det svenske utanriksdepartement og det svenske riksarkivet, samtidig med at det norske riksarkivet dreiv liknande arbeid.

Ved kgl. resolusjon 19. februar 1960 vart Reidar Omang utnemnd til riksarkivar. Omang tok til 16. mars same år, og sat i embetet til han døydde i 1964.

Reidar Omang var medlem av Det Norske Vitskapsakademiet i Oslo frå 1957. Han var riddar av første klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Fritzøe i slekten Treschows eie, 1835-1935
  • Stattholder Carl Mörners brev til Carl Johan 1816-1818 (samforfattarskap med Sofie Aubert Lindbæk)
  • Norsk utenrikstjeneste (I, Grunnleggende år; II, Stormfulle tider 1913-1928)
  • Norges forhold til Sverige under krigen 1940-1945. I 1947-1950 redigerte Reidar Omang dei tre "kvitbøkene" med denne tittel, utgitt av Utenriksdepartementet
  • Regjeringen og hjemmefronten, ei aktstykkesamling, utgitt etter oppdrag frå Stortingets presidentskap
  • Altmark-saken 1940, og Norge og stormaktene 1906-1914. I 1953 tok han initiativ til kjeldepublikasjonsrekka "Skrifter utgitt av Det Kongelige Utenriksdepartements arkiv", der desse to publikasjonane inngjekk
  • Stortinget og de utenrikske saker etter unionsoppløsningen (I verket "Det norske storting gjennom 150 år, Oslo 1964, bind 4")

Sjå også biblioteksdatabasen BIBSYS[daud lenkje]