Reidar T. Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Reidar Toralf Larsen (8. oktober 192316. februar 2012) var ein norsk journalist og politikar, fødd og død på Lillehammer. Han var formann i Norges Kommunistiske Parti i tida 1965-75 og var stortingsrepresentant frå Hedmark 1973-77.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Larsen var 1941-45 fabrikkarbeidar i heimbyen. Han tok eksamen ved handelsskule i 1943 og Sørmarka folkehøgskole i 1946. Frå 1945-47 var han medlem av Lillehammer bystyre, der han representerte Norges Kommunistiske Parti.

Etter eit år som journalist i Dagningen, var Larsen redaktør for Norges Kommunistiske Ungdomsforbund sitt blad Unge Viljer i 1946-47, og seinare for NKU-avisa Avant-Garden i 1948 og 1951-53. I 1949 vart han vald til formann i NKU, etter den interne maktkampen i NKP som enda med at Peder Furubotn og hans meiningsfellar vart utvist frå partiet. I 1953 tok Larsen til som redaksjonssekretær i partiavisa Friheten, der han var redaktør 1959–65.

Larsen var formann for NKP frå 1965 til 1975. Han deltok i den politiske alliansen Sosialistisk Valforbund, som vart danna i forkant av stortingsvalet i 1973. Larsen vart i 1973 vald inn på Stortinget frå Hedmark for Sosialistisk Valforbund. På Tinget var han medlem av industrikomiteen og av valkomiteen. Han var parlamentarisk leiar for Sosialistisk Valforbund i 1976/77-sesjonen. Larsen er den siste medlem av Norges Kommunistiske Parti som har hatt sete på Stortinget.

Då fleirtalet i NKP nekta å sluttføre samlingsprosessen som gjorde Sosialistisk Valforbund om til partiet Sosialistisk Venstreparti, braut Larsen med kommunistpartiet og melde seg inn i Sosialistisk Venstreparti, der han var medlem av hovudstyret frå 1975 til 1982.

Larsen var informasjonsleiar hos Forbrukarombodet frå 1978 til han i 1987 vart leiar av Forbrukarkontoret i Østfold, ei stilling han hadde til 1991. Han var styremedlem i Østfold Naturvern 1989–91 og nestleiar i Østfold Nei til EU 1990–94. I 1999 melde han seg ut av Sosialistisk Venstreparti i protest mot at SV støtta NATO si krigføring i Jugoslavia og bombinga av Serbia.

I 1980 og 1984 gav han ut to minnebøker; Styrt fra Moskva, om tida 1960-80, og I gode og onde dager, om åra frå eigen fødsel til 1960.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi