Reidar Tveit
Reidar Tveit | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. november 1921 Gulen kommune |
Død |
11. desember 2023 (102 år) |
Yrke | politikar, tannlege |
Politisk parti | Venstre, Det Liberale Folkepartiet |
Reidar Tveit (4. november 1921–11. desember 2023) var ein norsk fylkestannlækjar og politikar for Venstre og Det Liberale Folkepartiet.
Under andre verdskrigen vart Tveit arrestert som student 30. november 1943, overført til Stavern, og enda til slutt i konsentrasjonsleiren Buchenwald der han vart verande til freden kom i 1945. Tveit vendte heim att til Noreg, og fekk stillinga som fylkestannlege i Sogn og Fjordane frå 1958 til 1989 - i over 30 år. I løpet av få år utbygde han tannhelsetenesta i heile fylket.
Tveit var ordførar i Førde kommune i tre samanhengande periodar frå 1968 til 1979. Han representerte fyrst Venstre, men gjekk over i Det Liberale Folkepartiet etter partikløyvinga i kjølvatnet av EF-striden i 1972. I 1976 fekk Folkepartiet med Tveit som ordførarkandidat nesten reint fleirtal ved kommunevalet.
Medan Tveit var ordførar vart Førde bygd opp som fylkessenter, og Tveit hadde ei avgjerande rolle i bygginga av Førdehuset i 1976, og skipinga av Sogn og Fjordane Teater i 1977. Han har hatt ei rekkje tillitsverv i både lokale og nasjonale kulturorganisasjonar. Han var den fyrste styreleiaren i Sogn og Fjordane Teater og styremedlem i Statens teaterråd og Norske teatres forening. Han var også den fyrste leiaren av Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Artikkelen er ei omsetjing av «Reidar Tveit» henta frå Wikipedia på bokmål. Der vart denne kjelda oppgjeve: