Reier Gjellebøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reier Gjellebøl
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. april 1737
Død

24. november 1803 (66 år)

Yrke skribent, prest
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Reier Gjellebøl (22. april 173724. november 1803) var ein norsk prest og forfattar.

Gjellebøl vart fødd i Høland, i noverande Aurskog-Høland i Akershus. Han tok studenteksamen i København i 1755. Deretter studerte han teologi. Han var lærar i Danmark, mellom anna på Kronborg slott, til i 1773. Då vart han sokneprest i Valle i Setesdal. I 1783 vart Gjellebøl sokneprest i Stavanger. I Setesdal vart han rekna for å vere streng og stri. Det var usemje om presteskyssen og skulestellet.

I 1771 fekk Gjellebøl trykt boka Naturlig og oeconomisk Beskrivelse over Hølands Prestegield i Aggershuus stift i Norge. Denne boka, til vanleg kalla Hølandsboka har vorte rekna som den første norske bygdeboka.

I Setesdal skreiv han Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift. Denne boka vart godt motteken. I tillegg til desse topografiske skildringane skreiv og omsette han religiøse bøker. Anonymt gav han ut eit hefte med salmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]