Reier Thorsen Lilleholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reier Thorsen Lilleholt
Fødd 7. april 1806
Død

21. mai 1886 (80 år)

Yrke bonde, politikar

Reier Thorsen Lilleholt (7. april 180621. mai 1886) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder. Thor Reiersen Lilleholt var far hans, Ole Lilleholt sonen hans.

Lilleholt tok over farsgarden allereie i 1823. Han var medlem av heradsstyret 1838-43, ordførar 1849-53. Forlikskommissær 1861-76, og formann i matrikkelkommisjonen i heradet frå 1864.

I 1848 var Lilleholt 1. representant frå Nedenes og Robygdelagets amtStortinget. Han var medlem av bankkomiteen, komiteen om pengekrisa og komiteen om skattestellet i byane. Tre gonger hamna han på varamannsplass ved stortingsval mellom 1844 og 1858.

Han døydde på garden sin i 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914