Reinald av Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinald av Stavanger
Magnus Blindes og Harald Gilles saga-Biskop Reinald henges-E. Peterssen.jpg
Henginga av Reinald. Illustrasjon av Eilif Peterssen til 1899-utgåva av Heimskringla.
Død

18. januar 1135
Bergen

Yrke prest

Reinald (død 1135) vart den fyrste biskopen i Stavanger, truleg på 1120-talet. Hans store prosjekt var bygginga av Stavanger domkyrkje.

Det har vore spekulert i om han var ein normannisk[treng kjelde] benediktinarmunk[treng kjelde] frå Winchester[treng kjelde] i England.

Etter ei stund med kyrkjebygging gjekk han tom for pengar.[treng kjelde] Morkinskinna fortel at kong Sigurd I Jorsalfar vende seg til han. Kongen ynskte å gifta seg på nytt, men biskopen av Bergen hadde nekta å annullera det tidlegare ekteskapet til kongen. Om Reinald ville, skulle kongen gje han pengar til å halda fram bygginga av domkyrkja. Eit slikt tilbod kunne ikkje Reinald takka nei til. Forteljinga har neppe noko historisk bakgrunn.

Stavanger domkyrkje vart vigd til den heilage Svithun, og armbeinet hans vart lagd i eit relikvieskrin på høgalteret i Domkyrkja. Der vart det liggjande til etter reformasjonen. Det har vore diskutert om Reinald hadde med seg armbeinet til Stavanger.[treng kjelde]

Harald Gille og Magnus Blinde kom i konflikt nekta Reinald å gje pengar til kong Harald. For dette måtte han bøta med livet i galgen i Bjørgvin den 18. januar 1135.[treng kjelde]