Reinert Tønnesson Bergsager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinert Tønnesson Bergsager
Fødd 1785
Lyngdal
Død

4. april 1865
Lyngdal

Yrke bonde, reiar, politikar

Reinert Tobias Tønnesson Bergsager (17854. april 1865) var ein gardbrukar, skipper, skipsreiar og stortingsmann frå Lyngdal i Vest-Agder.

Bergsager var son av ein gardbrukar frå Austad sokn i Lyngdal. Sjølv var han i unge år skulehaldar. Sidan var han gardbrukar på Bergsager i Lyngdal, i tillegg skipper og skipsreiar, nokre år dreiv han også eit gjestgjeveri.

Han møtte på omframstortinget 1828 som 1. varamann frå Lister og Mandals amt, i staden for Ole Olsson Øveland. Til stortinga 1830 og 1833 var han 2. representant frå same valkrinsen, begge gongane medlem av tollkomiteen.

Han døydde på garden sin i Lyngdal i 1865.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]