Reinheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°20′30″N 9°21′23″E Reinheim var opphavleg ei privat turisthytte bygd ved foten av Snøhetta i 1880-åra. DNT overtok hytta i 1922 og dreiv den fram til 1952 da den nye DNT-hytta Reinheim vart opna som DNTs «flaggskip», og den gamle hytta vart riven. I 1959 overtok Forsvaret hytta som ein del av skytefeltet på Dovrefjell. Hytta skifta da namn til Snøheim. Ei ny hytte, som sjølvbetjeningshytte, vart opna i 1961 i Stroplsjødalen, og denne hytta fekk namnet Reinheim. I 2010 vart Snøheim ført attende til DNT i samband med at skytefeltet vart nedlagt. Snøheim vart gjenopna som DNT-hytte sommaren 2012.

Bakgrunnnsstoff[endre | endre wikiteksten]