Reinheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reinheimen ligg som ein trekant av høgfjell mellom Ottadalen i sør, Romsdalen og Gudbrandsdalen i nordaust, og Valldal og Tafjord i vest/nordvest. Olaf Heitkøtter gav ut boka Reinheimen i 1974 og var opphavet til namnet. I 2006 vart det oppretta ein nasjonalpark i området, under namnet Reinheimen nasjonalpark. I tillegg var det forslag om seks landskapsvernområde: Finndalen, Lordalen, Ottadalen, Romsdalen, Trollstigen samt Tafjorden og Veltdalen.

Den austlege delen er eit enormt ope land av avrunda fjell med store daler som Finndalen, Lordalen, Grøndalen, Asbjørnsdalen og Ulvådalen. Høgast opp ruvar Gråhø med 2014 meter over havet. Vest for Torsdalen og nord for Ulvådalen finn vi djupe daler og ville tindar i området mellom Romsdalen og Tafjord. Der landskapet går over frå rolege runde fjell til vestlandsnatur, ligg to markerte tindar, Karitind (1982 moh.) og Pyttegga (1999 moh.). Vest for dette området ligg Reindalen, Kaldhusdalen og Herdalen. Det er skogkledte daler mellom enorme fjell. I nord ligg Trolltindane. Trollveggen fell loddrett frå 1700 meter og ned i Romsdalen. Trollveggen er den høgaste loddrette fjellveggen i Nord-Europa.

Alle turisthyttene i fjellet er konsentrert i vest og nord. Naturlege inngangsportar til Reinheimen: Grotli, Billingen, Bjorli, Verma, Trollstigen, Valldal og Tafjord.

Det er 2000 rein vinterstid i Reinheimen. Folk i bygdene rundt Reinheimen har i alle tider jakta på villreinen. Det er mange fangstanlegg i området, spesielt i Lordalen. Kulturminna viser at mange har livnært seg på fangst i tidlegare tider. I dag er det villreinjakt i perioden 20. august til 10. september for omtrent 500 jegerar i Reinheimen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]