Reinheitsgebot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reinheitsgebot er ein lov om ølbrygging med røter i tysk mellomalder, formulert i Bayern i 1516. Loven seier at ein ikkje skal laga øl av anna enn vatn, malt og humle. Det var underforstått at ein kunne tilsetje gjærkultur - reint praktisk vart det gjort ved henta kultur frå øl som alt stod til brygging.

Reinheitsgebot vart skriven og signert av Vilhelm IV av Bayern i Ingolstadt og er den eldste matlova som framleis er i bruk.

I ei norsk lov av 28. juni 1912 om tilverking, innføring og skattlegging av øl heitte det i § 2 at øl for sal ikkje (utan samtykke frå departementet) kunne innehalde andre stoff en vatn, malt, humle og gjær. Noreg måtte oppgje reinheitslova i 1994, etter at Europadomstolen hadde sagt at lova var til hinder for fri handel.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.