Hopp til innhald

Reinhold Messner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinhold Messner

StatsborgarskapItalia
Fødd17. september 1944 (81 år)
Brixen
Yrkeoppdagar, politikar, skribent, fjellklatrer, filmregissør
Språkitaliensk, tysk
Politisk partiFederazione dei Verdi[*]
FarJosef Messner
MorMaria Messner
EktefelleDiane Schumacher
PartnarSabine Stehle, Nena Holguin
Nettstadhttps://reinhold-messner.de/
Reinhold Messner på Commons

Reinhold Andreas Messner (fødd 17. september 1944) er ein italiensk fjellklatrar, forfattar og politikar, fødd i Brixen i provinsen Bolzano. Morsmålet hans er tysk.

I 1978 klatra Messner og Peter Habeler til topps på Mount Everest, som dei fyrste utan oksygenflasker eller andre liknande hjelpemiddel. I 1986 vart Messner det fyrste mennesket som hadde vore på alle dei fjorten 8000 moh. høge fjelltoppane på kloten. Han var også den fyrste som åleine klatra til topps på ein 8000-metring; Nanga Parbat i 1978. I tillegg vart han i 1986 den andre som nådde til topps på dei såkalla Seven Summits.

Saman med Arved Fuchs gjekk han tvers over Antarktis i 1989/90. I 1993 gjekk han Grønland på langs og i 2004 kryssa han Gobi-ørkenen.