Reinli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinli stavkyrkje
Foto: John Erling Blad

Reinli er ei bygd i Sør-Aurdal kommune i Oppland. Bygda, som ligg 85 kilometer vest for Gjøvik, hadde 551 ibuarar i 1951. Inst i bygda ligg krinsen Stavedalen, som tidvis vert omtala som ei eiga bygd. Stavedalen og områda ved Søndre og Nordre Fjellstølen er i dag mykje utbygde hytteområde.

Næringslivet omfattar jord- og skogbruk, trevarefabrikk, matbutikk, overnatting og hytteleige på Nordre Fjellstølen i turistsesongen.

Reinli har direkte vegsamband gjennom Europaveg 16 og Bagn, samt Fylkesveg 220 nordover langs vestsida av Begna gjennom Liagrenda til Sundvoll.

Reinli stavkyrkje ligg i bygda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1959