Reinrosehei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinrose og fjellsmelle på kalkrik rabb

Reinrosehei, eller dryas-hei, er nemningar brukt om heier og rabbar i fjellet som er dominerte av kalkkrevjande vegitasjon.

Reinrosa har gitt namn til desse plantesamfunna. Ho er gjerne rikeleg til stades. Dei særmerkte kvite blomane er lett å legge til merke. Ofte er desse heiane tørre og verharde. Mange av plantene som veks her har djupe pælerøter. Det gjeld mellom andre reinrose og fjellsmelle. Dei veks ofte i tuer og teppe. Det vernar mot uttørking, og det gir livd for andre planter. I det heile vert floraen på reinroseheier rekna som artsrik, og ein kan ofte finn skjeldne artar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norges fjellverden Forlaget Det Beste 1980. Olav Gjærdevoll "Fjellplantene"
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.