Reisa mot vest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reisa mot vest
西遊記

Forfattar(ar)Wu Cheng'en
Språkkinesisk skriftspråk
Sjangerfantasy, Shenmo, eventyrfiksjon
Utgjeven1592
Utsmykking frå Den lange korridoren i Sommarpalasset i Beijing. Dei fire heltane i soga, frå venstre til høgre: Sun Wukong, Xuanzang, Zhu Wuneng og Sha Wujing.

Reisen mot Vest (kinesisk skrift 西游记; pinyin Xīyóujì; Wade-Giles Hsiyu-chi) er ein av dei fire klassiske romanane i kinesisk litteratur. Han kom fyrst ut anonymt i 1590-åra under Ming-dynastiet. Sjølv om det ikkje finst direkte bevis på kven som skreiv forteljinga, er forfattarskapen tradisjonelt blitt tilagt Wu Cheng'en.

Romanen er ei fiktiv og mytologisk forteljing om den buddhistiske munken Xuanzang si pilegrimsferd til India under Tang-dynastiet for å henta sutraene. Bodhisattvaen Guan Yin gjev, etter ønske frå Buddha Amitabha, denne oppgåva til munken og dei tre disiplane og vernarane hans: apen (Sūn Wùkōng), grisen (Zhū Bājiè) og sandmonsteret Shā Wùjìng.

Svensk omsetjing[endre | endre wikiteksten]

I Sverige er heile verket gjeve ut i fem bind 1995-1996 i ei omsetjing av Göran Malmqvist.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteraturkritiske studiar[endre | endre wikiteksten]

  • James S. Fu: Mythic and Comic Aspects of the Quest. Singapore: Singapore University Press, 1977.
  • C.T. Hsia: «The Journey to the West», i The Classic Chinese Novel. New York: Columbia UP, 1968. 115–164.
  • Karl S.Y. Kao: «An Archetypal Approach to Hsi-yu chi», i Tamkang Review 5, no.2 (Oct 1974). 63–98.
  • Andrew Plaks: The Four Masterworks of the Ming Novel. Princeton: Princeton UP, 1987. 183–276.
  • Andrew Plaks: «Journey to the West», i Miller, Barbara S. (red.): Masterworks of Asian Literature in Comparative Perspective. New York – London: M.E. Sharpe, 1994. 272–284.
  • Anthony C. Yu: «Two Literary Examples of Religious Pilgrimage: The Commedia and the Journey to the West», i History of Religions 22, no. 3 (Feb 1983). 202–230.