Reisfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M/F Bognes til kai ved Sørreisa

Reisfjorden er ein fjordarm av Solbergfjorden i Sørreisa kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km austover til tettstaden Sørreisa i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Grunnreisa i nordaust og Håkjerringneset i sørvest. Det ligg busetnader langs heile fjorden. Vest for Sørreisa ligg Smørsgård og Skoelv og nord for Sørreisa ligg Gottersjord, Djupvåg og Grunnreisa.

Fylkesveg 86 går langs sør- og austsida av fjorden, medan Fv211 går langs vestsida.