Grev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Reiskapen grev)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Greve.
Grev ved Gjenreisningsmuseet i Finnmark.

Grev er ein hakkeliknande jordbruksreiskap, utforma som eit smalt, meir eller mindre rektangulært eller trekanta blad av jarn festa i den eine enden i rett vinkel til eit treskaft. Reiskapen vert nytta til å hakke og grave i jorda med, mellom anna for å reinske for ugras, til å hyppe (mylde) potetplanter (det vil seie å grave jord opp om plantene), til å taka potetane opp or jorda med, og mykje anna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Grev ved Digital Museum