Reitangruppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Reitangruppa)
Gå til: navigering, søk
Narvesen er eitt av selskapa i Reitangruppen.

Reitangruppen er eit privat, familieeigd selskap som driv innan handel og eigedom. Innanfor handel kontrollerer selskapet Rema 1000, Narvesen og 7-Eleven. Selskapet har 27 500 tilsette i 5 land.

Reitangruppen har hovudkontor på Lade gård i Trondheim. Selskapet blei til som eit resultat av samarbeidet mellom Ole Reitan og sonen Odd Reitan1970- og 1980-talet. I dag står Odd, og sønene hans, Ole Robert og Magnus Reitan, som offisielle eigarar av selskapet.

Reitangruppen består av fire forretningsområde: REMA 1000, Reitan Servicehandel, Reitan Eiendom og Uno-X gruppen. Reitangruppen har i tillegg dotterselskapet Spaceworld, ein eigardel på 10,1 prosent i Axfood og ein eigardel på 50 prosent i Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab AS. REMA 1000 og Reitan Servicehandel har operativt senter i Oslo, medan Reitan Eiendom er basert i Trondheim. Uno-X er basert i Oslo/København.

Innanfor handel opererer gruppa selskapa Rema 1000, Narvesen, Pressbyrån (Sverige), 7-Eleven, Spaceworld og YX Energi. Samla omsetting i 2009 var på 57 milliardar kroner. Pr 31. desember 2009 har Reitangruppen 2 789 utsalsstader. Totalt hadde Reitangruppen 27 500 medarbeidarar ved utgangen av 2009. I konsernet er det totalt 3 626 tilsette, og gruppa er Noregs 6. største selskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]