Reitangruppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reitangruppen
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.912 609 987
Skipa1948
DotterselskapReitan Retail Sjå dette på Wikidata
EigarOdd Reitan Sjå dette på Wikidata
Bransjedetaljhandel, fast eigedom, investering
HovudkontorTrondheim Sjå dette på Wikidata
StyreleiarOdd Reitan
Adm. direktørOdd Reitan
Tilsette43 500 (2022)
Omsetnad130 000 000 000 norsk krone (2022)
Nettstadhttps://reitan.no
Narvesen er eit av selskapa i Reitangruppen.

REITAN AS er eit privat, familieeigd selskap som driv innan handel, eigedom og kapital. Innanfor handel kontrollerer selskapet Rema 1000, Narvesen og 7-Eleven. Selskapet har 27 500 tilsette i 5 land.

Reitangruppen har hovudkontor på Lade gård i Trondheim. Det fører historia si tilbake til O. Reitan Kolonial, ein kolonialhandel skipa i 1948 av Margit og Ole Reitan i Nonnegata i Trondheim.[1] I 1964 opna Reitan ein sjølvbetjent supermarknad på Havstein.[1] Reitangruppen blei til som eit resultat av samarbeidet mellom Ole Reitan og sonen Odd Reitan på 1970- og 1980-talet. I dag står Odd og sønene hans, Ole Robert og Magnus Reitan, som offisielle eigarar av selskapet.

REITAN består av fire selskapsområdene: Reitan Retail, Reitan Eiendom og Reitan Kapital. I tillegg har REITAN selskapene Britannia Hotel, Nye Hjorten Teater og Posten Moderne. Reitan Retail har operativt senter i Oslo, medan Reitan Eiendom er basert i Trondheim. Uno-X er basert i Oslo/København.

Innanfor handel opererer gruppa selskapa Rema 1000, Narvesen, Pressbyrån (Sverige), 7-Eleven, Spaceworld og YX Energi. Samla omsetting i 2009 var på 57 milliardar kroner. Pr 31. desember 2009 har Reitangruppen 2 789 utsalsstader. Totalt hadde Reitangruppen 27 500 medarbeidarar ved utgangen av 2009. I konsernet er det totalt 3 626 tilsette, og gruppa er Noregs 6. største selskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Historie | Reitangruppen», www.reitangruppen.no (på norsk bokmål), henta 5. november 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]