Reiulf Madssen Strand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reiulf Madssen Strand
Fødd1. januar 1821
Død21. november 1874
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Reiulf Madssen Strand (1. januar 182121. november 1874) var ein norsk gardbrukar, trelasthandlar og stortingsmann frå Sigdal i Buskerud. Asle Madssen Strand var ein yngre bror.

Far hans var gardbrukar i Sigdal. Sjølv kjøpte han seg gard i Haugsbygda i Norderhov og dreiv denne til han døydde. Attåt gardsdrifta dreiv han og handla med trelast. Han var ei tid medlem av heradsstyret, og var elles medlem av matrikkelkommisjonen for Buskerud fogderi. Elles var han medlem av forlikskommisjonen og sparebankdirektør 1855-64.

Strand var 1. representant for Buskeruds amtStortinget 1871-73, medlem av militærkomiteen. Både til det føregåande stortinget, og det nestkomande, var han andre varamann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914