Rekling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rekling er tørka fiskekjøt frå den feitaste delen av kveita. Rekling lagar ein av den feitaste delen av fisken som er att når ravet, feittet kring uggane, er vekkskore. Reklingen vert skoren i tynne strimlar før han vert opphengd til vindtørking. For at lufta skal kome godt til fiskekjøtet, kan reklingstrimlane verte pressa frå kvarandre med trebitar. For at ein skal få god rekling, kan ikkje vêret vere for varmt. Kveite som har vorte fiska om sommaren, har antan vorte salta eller konsumert fersk.

Det har og vorte laga rekling av andre feite fiskeslag som laks, steinbit og håkjerring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk historisk leksikon 2. opplag (1974),
  • Taksdal, Turid: Trekk frå islandsk folkekultur. Universitetsforlaget 1986.