Rekstafjorden

Koordinatar: 61°33′5.9616″N 4°46′55.715″E / 61.551656000°N 4.78214306°E / 61.551656000; 4.78214306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°33′5.9616″N 4°46′55.715″E / 61.551656000°N 4.78214306°E / 61.551656000; 4.78214306 Rekstafjorden er ein fjord i Kinn kommune i Vestland ytst i havgapet, vest for Florø. Fjorden ligg på sørsida av øyane Kinn og Reksta, som han er kalla opp etter. Sør for fjorden ligg øya Askrova og Brufjorden.

Fjorden har innløp i havgapet sør for Kinn og strekkjer seg 10 km austover til der Vassreset startar. Mellom Kinn og Reksta går Kinnasundet nord til Skorpefjorden på nordsida av desse øyane. Den austlege grensa til fjorden ligg mellom Søre Nekkøya og Store Stårøya.