Reksteren
Utsjånad
| Reksteren | |
|---|---|
Utsyn mot nord frå Gjøvågsvarden nordvest på øya. I framgrunnen rett nedanfor fjellet kan ein sjå Gjøvåg, medan Kaldafoss ligg noko lengre bak. | |
| Geografi | |
| Stad | Sunnhordland |
| Koordinatar | 60°02′18″N 05°23′06″E / 60.03833°N 5.38500°E |
| Areal | 37 km² |
| Høgaste punkt | Dalstuva (336 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Noreg |
| Fylke | Vestland |
| Demografi | |
| Folketal | om lag 160 (2023) |
| Folketettleik | 4 /km² |
Reksteren er den nest største øya i Tysnes kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Øya har om lag 160 innbyggjarar i vinterhalvåret og eit areal på 37 km². Det er brusamband over Bårdsund til Tysnesøy. På Flygansvær på Reksteren ligg det eit kystfort frå 2. verdskrigen.
Reksteren grensar til Bjørnafjorden i nord og Langenuen i vest. Mellom Reksteren og Tysnesøy ligg Søreidsvika.
Folketalsutvikling:
| 1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2023[3] |
|---|---|---|---|
| 317 | 614 | 2121 | 1601 |
1 Med Vernøy
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Tysnes prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Tysnes herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå