Rekursivt akronym

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rekursivt akronym er eit akronym (initialord) der delar av akronymet viser til seg sjølv. Som regel nyttar det sjølve akronymet som første ord i frasen det er sett saman av.[1]

Omgrepet blei innført av Douglas Hofstadter i 1979 som recursive acronym i bok Gödel, Escher, Bach: An Eternal Golden Braid, der han fann opp akronymet GOD med tydinga 'GOD Over Djinn' for å forklara uendelege seriar.[2]

Rekursive akronym er ofte ein humoristisk definisjon av eit produkt eller eit føretak, og er i vid bruk i miljø for open kjeldekode.

Døme[endre | endre wikiteksten]

  • GNU: GNU’s Not Unix
  • JACK: JACK Audio Connection Kit
  • LAME: LAME Ain’t an MP3 Encoder
  • LiVES: LiVES is a Video Editing System
  • VISA: Visa International Service Association
  • Wine: Wine Is Not an Emulator
  • PHP: PHP Hypertext Preprocessor

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]