Rekvatn kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Rekvatn kraftverk er eit vasskraftverk i Sagelvvassdraget i Hamarøy kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar eit fall på 200 meter frå reguleringsmagasinet Rekvatnet til Fjerdvatnet. Rekvatnet er oppdemt og er regulert mellom 284 og 272 moh. Falkelva er delvis tørrlagt som følgje av reguleringa.

Til Rekvatnet vert vatn ført frå Slunkajavrre kraftverk.

Nedslagsfeltet er på 114 millionar km2 og magasinvolumet på 162 millionar m3.

Installert effekt er 25 MW på 3 Francisturbinar og middels årsproduksjon er på 86 GWh.

Kraftverket er eigd av Nord-Salten Kraftlag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]