Relay av The Who

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Relay
Singel av The Who
B-side

«Waspman» (Keith Moon)

Språk engelsk
Utgjeve 25. november 1972 (USA)
22. desember 1972 (Storbritannia)
Innspelt 26. mai 1972
Studio Olympic Studios, London[1]
Sjanger Rock
Lengd 3:42 (USA) 3:49 (Storbritannia)
Selskap MCA (USA) / Track 2094-106 (Storbritannia)
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent The Who
Medprodusent:
Glyn Johns
The Who-kronologi 
«Join Together»
(1972)
Relay «5.15»
(1973)


«Relay» (kalla «The Relay» i USA) er ein song skriven av Pete Townshend, gitaristen i The Who, for det skrinlagde Lifehouse-prosjektet. Songen vart i staden gjeven ut som ein moderat suksessrik singel i 1972. Han var den siste av singlane til The Who som ikkje kom ut på eit album før «Real Good Looking Boy», 32 år seinare.

Bakgrun[endre | endre wikiteksten]

«Relay» var opphavleg skriven som ein del av albumet Lifehouse, men songen vart skrinlagd i lag med resten av albumet.[1] I 1972 var songen meint for eit anna skrinlagd album, Rock Is Dead—Long Live Rock!.

Songen vart spelt inn under same innspelinga som «Join Together» og ein demo av «Long Live Rock» i mai 1972.[2]

«Relay» kom ut på singel seint i 1972, med Keith Moon-songen «Waspman» som B-side. Singelen nådde topp 40 i både Storbritannia og USA, 21. plassen i Storbritannia og 39. plassen på Billboard Hot 100 (og 33. plassen på Cashbox).[1] Singelen var den siste av tre singlar knytte til Lifehouse (men som ikkje kom ut på Who's Next). Dei andre var «Let's See Action» og «Join Together».

«Relay» byrjar med ein gitar som vert køyrt gjennom eit filter på ein ARP-2600-synthesiser.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Cady, Brian. «'Meaty Beaty Big and Bouncy' liner notes». The Hypertext Who. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. 
  2. Grantley, Steve; Parker, Alan. The Who by Numbers: The Story of the Who Through Their Music. Helter Skelter. 
  3. «The Who Backing Tracks». Wbtracks.co.uk.