Hopp til innhald

Release Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Release Arena
AdresseNygårdsveien 82,
3221 Sandefjord
Påbegynt2006
Opna2007
UnderlagNaturgras
BrukararSandefjord Fotball
KapasitetCa. 9 000
Kart
Jotun Arena
59°08′14″N 10°10′47″E / 59.13725°N 10.17969°E / 59.13725; 10.17969

Release Arena[1] (tidlegare Komplett Arena, Komplett.no Arena og Sandefjord Arena) er heimebanen til Sandefjord Fotball. Han opna 21. juli 2007 med heimekamp mot Lyn. Stadionet erstatta Storstadion, som tidlegare var heimebanen til Sandefjord Fotball.

Første målscorar på Sandefjord Arena var Kari Arkivuo då han breisida ballen i mål frå 5 meter etter 18 minutt.

Stadionnamnet er leigd i 10 år av nettbutikken Komplett.no for 15 millionar kroner. Arenaen har ein publikumskapasitet på totalt 9 000, dei aller fleste under tak. Det er òg utvidingshøve på begge kortsidene som kan nyttast seinare for ytterlegare å auke kapasiteten til i alt 12 500.

Den foreløpige tilskodarrekorden på 8 103 var ved opningskampen mot Lyn.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

59°8′22.33″N 10°10′41.33″E / 59.1395361°N 10.1781472°E / 59.1395361; 10.1781472