Religionsdialog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Religionsdialog eller interreligiøsitet er samtaler eller samarbeid mellom representantar for ulike religionar.

Omgrepet «dialog» kjem frå det greske ordet dia logos, og tyder « gjennom ordet.» Ein forstår at ordet dialog handlar om å samtala. Ein samtale kan førast på mange ulike måtar, både i det offentlege og det private rommet. Ein samtale kan eksempelvis førast som ein debatt, ein diskusjon, ei forhandling eller ein dialog. Dialogens mål er ikkje nødvendigvis å bli samde, slik som det vil vera i ei forhandling. Skiljet mellom sak og person er heller ikkje viktig, slik det er i diskusjonen. Ein kan skildra dialog som ein samtale tufta på eit gjensidig forhold og likeverd mellom partane, som har som mål å forstå den andre. Ein møter eit anna menneske (eller fleire menneske), og i møtet er kjenslene og historia til den andre like mykje framme som meinigane den andre har.(Hareide, Dag: Den fjerde samtaleformen)

Anne Hege Grung, teolog, forskar og tidlegare leiar av dialogsenteret Emmaus, definerer dialog på følgjande vis: Dialog er et møte ansikt til ansikt mellom likeverdige parter uten skjulte hensikter. Jeg går inn i en dialog, ikke for å forandre den andre, men for å ta del i den gjensidige forandring som kan skje gjennom et møte.(Grung, Anne Hege : Begrepet dialog i Emmaus)

I religionsdialogen er religion og tru eit viktig tema.I boka Religionsdialog på norsk, skil Oddbjørn Leirvik mellom to typar trus- og livssynssamtale: nødvendig dialog og spirituell (eksistensiell) dialog. Den nødvendige dialogen spring ut behovet samfunnet har for å føra samtalar om religionspolitiske og menneskerettslege spørsmål, samt fellesskapsetikk. Eksempel på slike nødvendige dialogar er dokumenta "Fellesskapsetikk i et flerkulturelt samfunn" og "Religion, livssyn og menneskerettigheter i Norge". Desse dokumenta er eit resultat av samtalar i Nansenskulens regi i 1992-1992 og 1996-1997. Den spirituelle dialogen spring gjerne ut av ein personleg motivasjon for å bli kjent med menneske med ei anna tru. Inn i denne dialogen føl som oftast ei forventning om sjølv å kunne bli rikare i møtet med dei som har ei anna tru. (Leirvik, Oddbjørn: Religionsdialog på norsk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grung, Anne Hege : «Begrepet dialog i Emmaus»(s. 88 ), Kirke og kultur nr. 1, 2005
  • Hareide, Dag: «Den fjerde samtaleformen», artikkel på www.morgenbladet.no, 24. 09.10
  • Leirvik, Oddbjørn: Religionsdialog på norsk, Pax forlag, Oslo, 2001