Religionsvitskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den tysk-britiske indologen Max Müller (1823–1900) var ein av pionerane innanfor religionsvitskapen.

Religionsvitskap er ein samfunnsvitskapleg disiplin som studerer religiøse fenomen og trusretningar frå ulike synsvinklar. Religionsvitskapen deler på den eine sida arbeidsområde med teologi og andre kunnskapsgreiner som drøftar meiningsinnhaldet i religionane, og på den andre sida med sosiologi, psykologi, antropologi og andre kunnskapsgreiner som drøftar religionen sine funksjonar. Skilnaden på teologi og religionskunnskap er at teologien konstruerer religiøse system eller skildrar dei innanfrå, mens religionsvitskapen studerer dei, som objekt i seg sjølve, med samfunnsvitskaplege metodar.

Faghistorie[endre | endre wikiteksten]

Religionsvitskap er ein ung vitskap, med «forgjengarar» i antikken og humanismen. Som disiplin oppstod religionsvitskapen i opplysningstida, særleg i England, Nederland, Tyskland og Skandinavia. Først på starten av 1900-talet vart faget etablert som disiplin ved universiteta. Opphavet til religionsvitskapen i England blir gjerne tidfest til eit foredrag som Max Müller heldt i London i februar 1870. I Tyskland vart feltet etablert først i 1912 med opprettinga av det religionsvitskaplege instituttet i Leipzig. Deretter vart det gjerne undervist på teologiske fakultet, men i dei siste tiåra har religionsvitskapen etablert seg som ein disiplin uavhengig av teologien. Ein sentral del av denne prosessen har vore ein metodediskusjon. Som resultat har religionsvitskap vorte ein tverrvitskapleg disiplin.

Religiøse symbol:
Øvste lina (frå venstre): kristendom (gresk kross), jødedom (davidsstjerne), hinduisme (aum), bahai
Nest øvste lina: islam, heidenske religionar (solkross), kinesiske religionar, særleg taoisme (yin og yang), shinto (torii)
Nest nedste lina:buddhisme, sikhisme, djainisme (svastika), djain (ahimsasymbolet)
Nedste lina:Ajjávaḷi, treeinigheitsgudinner (Triple Goddess, Diane de Poitiers' emblem), mantuansk kors, polsk naturreligion (Ręce Boga)

Sigmund Freud, Emile Durkheim og Karl Marx lanserte kvar sin teori om årsaka til at religiøse førestillingar og handlemåtar oppstår og utviklar seg. Sigmund Freud utarbeidde som ledd kartlegginga si av det underbevisste driftslivet åt menneska ein teori der religion spring ut av ulike former for fortrenging av grunnleggjande psykiske behov. For Freud er derfor religionen eigentleg eit sjukdomsteikn i mennesket så vel som i samfunnet. Slike tilnærmingar til religionsvitskapen blir gjerne kalla funksjonalistiske fordi dei tek utgangspunktet i dei observerbare funksjonane til religionen i individ og samfunn.

Marx ser på religion som ein av mange sosiale institusjonar som er avhengige av materielle og økonomiske realitetar i samfunnet han opptrer i. Dermed kan religionen bli forstått berre i relasjon til andre sosiale system, og til dei økonomiske strukturane i samfunnet (ei spissformulering av denne innfallsvinkelen kan vere: «i byrjinga skapte mennesket Gud i sitt bilete»). Marx dreg også fram religionen som substitutt for røynda: Vanskar i livet kan bli gjort lettare med løfte om eit nytt liv etter dette.

Seinare religionsforskarar som Rudolf Otto, Mircea Eliade, E.E. Evans-Pritchard og Clifford Geertz tek på ulike vis avstand frå den reduksjonismen som ligg i dei funksjonelle haldningane, men er elles svært ulike i tilnærmingane sine. Otto og Eliade forutset begge at alle religionar har ei felles kjerne i møtet med det heilage (hierofanien), som ein klår motsetnad til den profane kvardagen; mens Geertz og Evans-Pritchard konsentrerer seg om å studere avgrensa eksempel på religiøse fenomen og forståingsformer. Dei ser begge med stor skepsis på alle forsøk på formulering av overgripande teoriar om heile det religiøse feltet.

Dei siste tiåra har det innanfor religionsvitskapen vorte større fokus på studiet av ulike moderne religiøse retningar, som teosofi, new age o.l., som har dukka opp i Vesten på 1800- og 1900-talet, vestleg samtidsreligion, og på religiøse uttrykk i moderne massekultur, etter at desse formene for religiøsitet lenge vart rekna som uinteressante eller uvesentlege i akademisk samanheng.

Religionshistorie[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Religionshistorie.

Religionssosiologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Religionssosiologi.

Religionsvitskap i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det mogleg å studere religionsvitskap ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Ingvild Sælid Gilhus og Lisbeth Mikaelsson ved Universitetet i Bergen har skrive innføringsbøker i emnet som også har nådd utanfor dei akademiske fagmiljøa. I Tromsø har det religionsvitskaplege miljøet særleg sett på læstadianisme og samisk religion.

Religionsvitskap blir gjerne også delt inn i underkategoriar, som religionshistorie, religionssosiologi, religionsantropologi og religionspsykologi, for å nemne nokre. To norske religionspsykologar har markert seg i den underdisiplinen som utvikla seg etter William James, nemleg Ola Raknes og Harald Schjelderup.

Eit norsk organ for diskusjon av religionsvitskaplege spørsmål er tidsskriftet DiN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]