Reling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om rekkverket på eit fartøy. For rekkje i matematikk, sjå følgje. For rekkje i biologi, sjå biologisk rekkje.
For trelast, sjå lekte.
Ein brigg under bygging. På båe sider er det rekkje med rekkestøtter, skansekledning og topprekke

Ei rekk(j)e eller reling er eit rekkverk langs kanten av dekket på eit fartøy. Rekka skal hindre at folk og last går over bord. Ho kan ha varierande utforming. På passasjerfartøy er rekke ofte laga av røyr eller septer med vaier. Skipskontrollen krev ei rekkehøgd på minst 75 cm for passasjerfartøy. Er fartøyet lenger enn 100 fot, skal ho vere 105 cm. Rekka er oftast laga av same materiale som skroget.

Rekka står oftast loddrett. På seglfartøy har ho same helling som skroget under. Det gjer at ho framme kan skråer ein god del ut. På motorfart er rekka i baugen ofte utlagd for å kaste unna sjø.

Trerekke[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var ofte spanta så lange at dei rakk heile rekkehøgda. Seinare er rekkja oppbygd på rekkestøtter. Dei kan vere festa til skandekk med ein støypt metallsko. Det var ein måte å gjere det på som Colin Archer brukte mykje. Elles kan støttene gå gjennom skandekk og verte festa til huda eller spanta. På utsida av rekkestøttene er det spikra ein kledning av tre, skansekledningen.

Mellom skansekledningen og skandekk er det til vanleg ei smal spalte for å lense ut skvalkesjø som kjem på dekk. Eit mål for denne spalta har vore at ho måtte vere så smal at ein tollekniv eller ei vårsild ikkje for ut. Det kan og vere hengsla skvalkeportar i skansekledningen for å sleppe ut større mengder vatn.

Oppå rekkestøttene ligg topprekka. Det er ein kraftig planke som gjer at rekka kan tole påkjenninga ho kan verte utsett for under lasting, lossing, fiske og anna arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]