Reloncavíbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reloncavíbukta
fjord
Frå Maillen-øya i nordlege Reloncavíbukta
Land  Chile
Kart
Reloncavíbukta
41°42′00″S 72°50′00″W / 41.7°S 72.8333°W / -41.7; -72.8333

Reloncavíbukta (spansk: Seno de Reloncaví som tyder 'Reloncaví-sundet') er ei havbukt sentralt i Los Lagos-regionen i Chile. I sør er ho forbunden med nordenden av Ancudfjorden gjennom eit sund mellom Puluqui på fastlandet i vest og Trentelhué i aust. Bukta har ei elliptisk form, og måler 24 nm i N-S-retning med 17 nm frå E til V. På austsida av bukta finst utlaupet på Reloncavífjorden, ca. 30 nm (55 km) lang. I nordenden av bukta ligg regionhovudstaden Puerto Montt.

Reloncavíbukta markerer sørenden av Valle Central i Chile og blir rekna som den geografiske byrjinga av chilensk Patagonia.

Både Reloncavíbukta, Ancudfjorden og Corcovadofjorden var basseng av store innsjøar som i ein periode utgjorde ein del av Valle Central, men som seinare sokk på grunn av geologiske uro, kanskje så seint som for ca. 2 millionar år sidan,[1] og vart overfløymt av havvatn. Senkinga skapte eit landskap med mange øyer, fjordar og sund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Reloncavíbukta