Remøya
Utsjånad
| Remøya | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Sunnmøre |
| Koordinatar | 62°22′05″N 05°38′16″E / 62.36806°N 5.63778°E |
| Areal | 3,6 km² |
| Høgaste punkt | Vardane (191 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Møre og Romsdal |
| Demografi | |
| Folketal | 345 (2024) |
| Folketettleik | 96 /km² |
Remøya er ei øy og ein tettstad i Herøy kommune i Møre og Romsdal.
Ein passerer Remøya når ein skal til Runde, som ligg like nordom Remøya. Leinøya er ei anna naboøy i søraust. Det er bru mellom Remøy og Remøyholmen og vidare til Leinøya - Remøybrua. Det går òg bru mellom Remøya og Runde - Rundebrua.
Remøya har ein no nedlagd skule og eit bedehus, båe bygga vert nytta til 17. mai og elles gjennom året. Skulen vart bygd i 1939. Postadressa er 6094 Leinøy.
Folketalsutvikling:
| 1801[1] | 1900[2] | 2000[3] | 2024[3] |
|---|---|---|---|
| 54 | 161 | 407 | 345 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Folketeljing 1801 for Herøy prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Herøy herred, frå Digitalarkivet
- 1 2 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå