Remasfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Remasfjorden eller Remesfjorden er ein liten fjord i Lindesnes kommune. Han har innløp mellom Østre Imsøy ved fyret Imsa i vest og Finnøya, vest for Svinør og Åvik i aust. Frå her strekkjer han seg nesten 4 km nordover. Nord for Østre Imsøy går det ei bukt inn mot aust, Svenevigbukta, til Svenevig og Rema. Vidare nordover går fjorden ein kilometer vidare inn mot Remasvik.

Vest for Imsøy ligg Njervefjorden, medan Syrdalsfjorden ligg aust for Åvik og Svinør.