Rembesdalskåka

Koordinatar: 60°32′16″N 07°19′03″E / 60.53778°N 7.31750°E / 60.53778; 7.31750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rembesdalskåka
isbre
Rembesdalskåka i august 2003
Område Hardanger
Type Brearm
Arm Hardangerjøkulen
Areal 17,1 km²
Lengd 8,1 km
Toppunkt 1865 moh
Botnpunkt 1020 moh
Koordinatar 60°32′16″N 07°19′03″E / 60.53778°N 7.31750°E / 60.53778; 7.31750
Kart
Rembesdalskåka
60°32′16″N 7°19′03″E / 60.5378°N 7.3175°E / 60.5378; 7.3175

Rembesdalskåka er ein brearm på vestsida av Hardangerjøkulen i Eidfjord kommune i Vestland. Han har eit areal på 17 km² og ei lengd på 8 km.

Breen har fleire gonger ført til jøkulhlaup, kraftige og brå flaumar frå isbreen på grunn av smeltevatn som er samla opp under breen. Dette har skapt alvorlege flaumar i Simadalen nedanfor breen. I august 1937 vart 11,5 millionar kubikkmeter vatn drenert frå breen i løpet av 3,5 timar og elva Sima hadde ei middelvassføring på heile 900 m³/s. I 1897 og i 1893 skjedde det same og det er estimert at det desse gongane var snakk om 15 millionar (1897) og 35 millionar (1893) kubikkmeter vatn. Det er registrert fleire jøkulhlaupar tilbake til 1700-talet. [1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]