Remipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Remipedia
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Remipedia
Yager, 1981

Remipedia (etter latin Remipedes, «åre-føter») er ei klasse blinde krepsdyr som lever i australske og karibiske grottesystem med tilknytnad til havet. Vitskapen kjenner til 24 nolevande artar, i tillegg til to fossilar.

Dyra i denne gruppa har todelte kroppar som består av eit hovud og ein lang og einsarta segmentert bakkropp på opp til 32 segment. Kvart segment har eit par todelte bein med store, åreliknande utvekstar. Beina står ut til sidene, eit trekk som gjer at dei tilsynelatande liknar meir på børstemark enn på krepsdyr. Remipedia-kreps sym på ryggen med dei åre-liknande føtene sine, som òg har gjeve gruppa namn.

Gruppa er framleis dårleg kjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]