Pungmeiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Remizidae)
Pungmeisfamilien
Bantupungmeis, Anthoscopus caroli Svartpannepungmeis, Anthoscopus minutus
Bantupungmeis, Anthoscopus caroli
Svartpannepungmeis, Anthoscopus minutus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Pungmeisfamilien Remizidae
Olphe-Galliard, 1891

Pungmeiser, vitskapleg namn Remizidae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar, nærskyld meiser. Utbreiingsområdet er Eurasia, Afrika og Nord-Amerika, Alle artane i familien, utanom meisesmett og flammepungmeis, gjer forseggjorde pungforma reir som hengjer ned frå greiner, som regel over vatn.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Pungmeiser er små sporvefuglar, varierande frå 7,5 til 11 cm i lengd. Dei minner om ekte meiser, Paridae, men har finare, meir nålforma nebb. Vengene er korte og runde og dei korte halane deira er typisk v-forma. Dei vanlege fargene i fjørdrakta er bleikgrå, gul og kvit, sjølv om arten pungmeis har svart og kastanjebrune teikningar og nokre artar har lyst gult eller raudt (Perrins 2003).

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Artane i slekta Remiz er nesten utelukkande eurasiske, alt usamanhengande frå Portugal og spissen av nordlege Marokko austover gjennom til Sibir og Japan. Den største slekta, Anthoscopus, finst i Afrika sør for Sahara frå Sahel til Sør-Afrika. Av dei monotypisk slektene lever meisesmett i tørre delar av det sørvestlege USA og nordlege Mexico. Flammepungmeis er funnen i Sør- og Aust-Asia, og vevarmeis i austlege og sentrale Afrika.

Fleire artar i pungmeisfamilien er trekkfuglar, men denne åtferda er berre funnen hos artar i Asia og Europa, afrikanske artar og meisesmett er tilsynelatande standfuglar. Arten pungmeis er trekkfugl over delar av utbreiingsområdet, individ i Nord-Europa trekkjer sørover om vinteren, men fuglane i Sør-Europa blir att nær hekkeområda sine. Derimot er kinapungmeis og flammepungmeis fullt ut trekkfuglar og gjer migrasjon over lange avstandar.

Dei fleste lever i opne område med tre eller buskar, frå ørken til myr og skog, men jungelpungmeis og vevarmeis lever i regnskogen. Mesteparten av året samlast dei i små flokkar (Perrins 2003).

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Insekt gjer ut for storparten av kosthaldet til pungmeiser. Det koniske nebbet blir brukt til å søkje etter føde inne i sprekkar hòl. Nektar, frø og frukter kan òg takast sesongmessig. Åtferda ved beiting minner mykje om det ein ser hos meiser som søkjer insekt på greiner og lauvverk, dei kan òg gripe byttedyr med ein fot medan dei parterer det.

Populærnamnet på familien gjenspeglar tendensen dei fleste artane å konstruere djupe, pæreforma reir. Desse reira er vovne av spindelvev, ull og anna dyrehår og mjukt plantemateriale som er hengt fast i kvister og greiner i tre. Reira hos den afrikanske slekta Anthoscopus er endå meir forseggjorte enn hos eurasiske Remiz. Anthoscopus-artane lagar ein falsk inngang over den verklege inngangen som fører til eit falskt kammer. Det verklege hekkekammeret kan opnast av foreldra med ein skjult klaff, dei går inn og deretter lukker dei klaffen igjen, dei to sidene blir festa med attbindande spindelvev.

Av dei to artane med avvikande reir, byggjer meisesmett eit kuppelforma reir ut av tornekvister og flammepungmeis lagar reir i trehòl som dei fôrar. Egga er kvite, med raude flekker hos nokre artar, meisesmett legg blågrøne egg med raude flekker. Rugetida er på ca. 13 eller 14 dagar, og ungane er flygedyktige etter ca. 18 dagar (Perrins 2003).

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Pungmeisefamilien i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Slekt Auriparus

Slekt Remiz

Slekt Anthoscopus

Slekt Cephalopyrus

Slekt Pholidornis

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (20. desember 2010), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 2. januar 2011 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]