Hopp til innhald

René Préval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
René Préval

StatsborgarskapHaiti
Fødd17. januar 1943
Marmelade
Død

3. mars 2017 (74 år)
Port-au-Prince

Yrkepolitikar
VervStatsminister i Haiti
Periode1991-1991
FøregangarMartial Célestin (1988)
Ingen (1988–1991)
EtterfylgjarJean-Jacques Honorat
VervPresident i Haiti
Periode1996-2001
FøregangarJean-Bertrand Aristide
EtterfylgjarJean-Bertrand Aristide
VervPresident i Haiti
Periode2005-2011
FøregangarBoniface Alexandre
EtterfylgjarMichel Martelly
Politisk partiLespwa
EktefelleElisabeth Delatour Préval, Q137737149
René Préval på Commons

René Garcia Préval (fødd 17. januar 1943 ved Cap-Haïtien, død 3. mars 2017)[1] var ein haitisk politikar og agronom som var president i Haiti i to periodar, frå 7. februar 1996 til 7. februar 2001 og frå 14. mai 2006 til 14. mai 2011. Dessutan var han statsminister i landet frå februar til oktober 1991.

Préval tok utdanninga si i Belgia og Italia, og var også busett i USA før han vende tilbake til Haiti og involverte seg i politikk og velgjerd. Då Jean-Bertrand Aristide vart president, vart Préval utnemnd til statsminister, ein post han hadde til han vart tvinga i eksil etter militærkuppet 30. september 1991. I 1996 vart han vald til president, og var det fram til 2001. I 2006 vart han vald på nytt i eit langdrygt val.

  1. «Haitis tidligere president er død». NRK. 3. mars 2017. Henta 31. mars 2017.