René Vandereycken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
René Vandereycken


René Vandereycken (1978)

Statsborgarskap Belgia
Fødd 22. juli 1953 (70 år)
Hasselt
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1986, EM i fotball 1980, EM i fotball 1984

René Vandereycken (fødd 22. juli 1953) er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare -spelar frå landsbyen Spalbeek i Limburg-provinsen. Han var midtbanespelar. I vel tre år frå januar 2006 var Vandereycken landslagssjef for Belgia.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Vandereycken hadde stor suksess med Club Brugge, ein klubb han tente frå 1974 til 1981. Etter to sesongar i Italia, vende han tilbake til Belgia og spel for RSC Anderlecht perioden 1983-86. Han la opp i 1989.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Vandereycken debuterte på landslaget i november 1975 og deltok i 50 landskampar, dei to siste kom under VM i fotball 1986. Han skåra 3 mål for Belgia, det eine kom då han i EM-finalen 1980 utlikna på straffespark, ein kamp som enda med vesttysk triumf 2–1 i sluttminutta.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Sølvmedalje i EM i fotball 1980: Belgia
  • Belgisk seriemeister: 1976, 1977, 1978 og 1980 for Club Brugge
  • Belgisk seriemeister: 1985 og 1986 for RSC Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1977 for Club Brugge
  • Finalist i Europacupen: 1978 for Club Brugge
  • Finalist i UEFA-cupen: 1976 for Club Brugge
  • Finalist i UEFA-cupen: 1984 for RSC Anderlecht

Kjelder[endre | endre wikiteksten]