Renée Colliard
Hopp til navigering
Hopp til søk
Renée Colliard | |
![]() | |
Fødd | 24. desember 1933 (88 år) Genève |
Yrke | alpinist |
Renée Colliard på Commons |
Renée Colliard (fødd 24. desember 1933) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar og apotekar. Colliard, som var frå Genève, vart olympiameister i slalåm i 1956.
Colliard kvalifiserte seg til den sveitsiske OL-troppen 1956 med ein andreplass i eit renn i Grindelwald, kort før leikane tok til. I den olympiske tevlinga i Cortina d'Ampezzo overraska ho alle med å gå heilt til topps. Med startnummer 1 rann ho fortast av samtlege deltakarar i begge omgangane, og sikra seg gullmedaljen i slalåmtevlinga. Med tida 1.52,3 var ho heile 3,1 sekundar føre sølvvinnaren Regina Schöpf frå Austerrike.
I 1960 gifta Colliard seg og slo seg ned i Montana i kantonen Valais som apotekar.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Resultatoversikt hos FIS (engelsk)
- (en) Renée Colliard – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Denne artikkelen bygger på «Renée Colliard» frå Wikipedia på tysk, den 17. januar 2012.