Renée Zellweger
Renée Kathleen Zellweger (fødd 25. april 1969) er ein amerikansk skodespelar og filmprodusent. Zellweger blei først vidkjend for rolla si i filmen Jerry Maguire (1996), og fekk deretter to nomineringar for Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolla som Bridget Jones i komedien Bridget Jones' dagbok (2001) og som Roxie Hart i musikalen Chicago (2002). Ho vann Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si i dramaet Cold Mountain (2003).
Zellweger har vunne tre Golden Globe-prisar og tre Screen Actors Guild Awards. Ho blei utnemnd til årets kvinne av Hasty Pudding i 2009,[1] og etablerte seg som ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood på 2000-talet.[2]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Mor til Zellweger, Kjellfrid Irene Andreassen, voks opp på Ekkerøy ved Vadsø i Finnmark.[3] Ho møtte sveitsiske Emil Zellweger på Hurtigruten, og dei gifta seg i 1963.[3] Dei fekk sonen Drew i 1967, og Renée blei fødd i 1969 då dei budde i Baytown i Texas.[4] Den sterke norske aksenten til mora gjorde at Renée òg snakka med aksent, noko ho blei mobba for som liten. Ho skifta til brei Texas-aksent som niåring, då familien flytta til byen Katy utanfor Houston i Texas.[5]
9. mai 2005 gifta Renée seg med den amerikanske countryartisten Kenny Chesney. I september same året søkte dei om å få ekteskapet annullert, etter berre fire månader som ektefolk.[6]
Karriere som skodespelar
[endre | endre wikiteksten]Zellweger slo gjennom i 1996 med filmen Jerry Maguire. Sidan har ho hatt fleire store roller i Hollywood, blant anna Jeg, meg og Irene og Bridget Jones' Dagbok, sistnemnde fekk ho ein oscarnominasjon for. Ho var òg med i suksessfilmen Chicago som fekk fleire oscarprisar. Ho blei etterkvart ein av dei best betalte skodespelarane i Hollywood. For rolla som Ruby Thewes i filmen Cold Mountain vann ho ein Oscar for beste kvinnelege birolle. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Zellweger har òg vore med å produsera to filmar, Miss Potter (2006), og Living Proof (2008).
Filmar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Originaltittel | Rolle | Merknader |
---|---|---|---|---|
1992 | A Taste for Killing | Mary Lou | TV | |
1993 | Murder in the Heartland | Barbara (ukreditert) | TV | |
My Boyfriend's Back | ||||
Dazed and Confused | ||||
1994 | Reality Bites | Tami | ||
8 Seconds | Buckle Bunny | |||
Love and a .45 | Starlene Cheatham | |||
The Return of The Texas Chainsaw Massacre | Jenny | |||
1995 | Empire Records | Gina | ||
The Low Life | Poet | |||
1996 | I en annen verden | The Whole Wide World | Novalyne Price | |
Jerry Maguire | Dorothy Boyd | |||
1997 | Deceiver | Elizabeth | ||
1998 | A Price Above Rubies | Sonia Horowitz | ||
One True Thing | Ellen Gulden | |||
1999 | Ungkaren | The Bachelor | Anne Arden | |
2000 | Nurse Betty | Betty Sizemore | Golden Globe-pris: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy | |
Jeg, meg og Irene | Me, Myself & Irene | Irene P. Waters | ||
2001 | Bridget Jones' dagbok | Bridget Jones's Diary | Bridget Jones | Oscarnominasjon: Best Actress. Golden Globe-nominasjon: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy |
2002 | White Oleander | Claire Richards | ||
Chicago | Roxie Hart | Golden Globepris: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy Oscarnominasjon: Best Actress | ||
2003 | Down with Love | Barbara Novak | ||
Cold Mountain | Ruby Thewes | Oscarvinnar: Best Supporting Actress. Golden Globe-pris: Best Supporting Actress - Motion Picture | ||
2004 | Stor ståhai | Shark Tale | Angie | stemme |
Bridget Jones: På randen | Bridget Jones: The Edge of Reason | Bridget Jones | Golden Globe-nominasjon: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy | |
2005 | Cinderella Man | Mae Braddock | ||
2006 | Miss Potter | Beatrix Potter | Golden Globe-nominasjon: Best Actress - Motion Picture Musical or Comedy | |
2007 | Biefilmen | Bee Movie | Vanessa Bloom | stemme |
2008 | Case 39 | Emily Jenkins | ||
Leatherheads | Lexi | |||
Appaloosa | ||||
2009 | New in Town | Lucy Hill | ||
2009 | Monsters vs. Aliens | Katie | Røyst | |
2009 | My One and Only | Anne Deveraux | ||
2009 | Case 39 | Emily Jenkins | ||
2010 | My Own Love Song | Jane | ||
2016 | Bridget Jones's Baby | Bridget Jones | ||
2016 | The Whole Truth | Loretta | ||
2017 | Same Kind of Different as Me | Deborah Hall | ||
2018 | Here and Now | Tessa | ||
2019 | Judy | Judy Garland | Academy Award for Best Actress BAFTA Award for Best Actress Critics' Choice Movie Award for Best Actress Dallas-Fort Worth Film Critics Association Award for Best Actress Dorian Award for Film Performance of the Year - Actress Dublin Film Critics Circle Award for Best Actress Golden Globe Award for Best Actress - Motion Picture Drama Houston Film Critics Society Award for Best Actress IndieWire Critics Poll Award for Best Actress Independent Spirit Award for Best Female Lead London Film Critics Circle Award for Actress of the Year National Board of Review Award for Best Actress Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Leading Role Women Film Critics Circle Award for Best Actress Nominert — Alliance of Women Film Journalists Award for Best Actress Nominert — Alliance of Women Film Journalists Award for Most Daring Performance Nominert — Austin Film Critics Association Award for Best Actress Nominert — Chicago Film Critics Association Award for Best Actress Nominert — Detroit Film Critics Society Award for Best Actress Nominated — Florida Film Critics Circle Award for Best Actress Nominert — Online Film Critics Society Award for Best Actress Nominert — San Diego Film Critics Society Award for Best Actress Nominert — Satellite Award for Best Actress - Motion Picture Drama Nominert — Seattle Film Critics Society Award for Best Actress Nominert — Toronto Film Critics Association Award for Best Actress Nominert — Washington D.C. Area Film Critics Association Award for Best Actress |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hasty Pudding Theatricals, Harvard University (arkivert)
- ↑ "Witherspoon Tops Rich List". San Francisco Chronicle. 2007-11-30. (arkivert 2009-11-17)
- ↑ 3,0 3,1 Bjørnstad, Malini Gaare (2. august 2019). «Hollywood-stjernene du kanskje ikke visste at hadde norske aner! - KK» (på norsk). Henta 12. mai 2020.
- ↑ «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 31. desember 2007. Henta 22. januar 2008.
- ↑ FOSSUM, TOMMY (18. juli 2001). «- Mobbet for norsk aksent» (på norsk). Henta 12. mai 2020.
- ↑ Mattern, Jessica Leigh (11. april 2018). «Remember When Kenny Chesney Married Renee Zellweger?» (på engelsk). Henta 12. mai 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Renée Zellweger» frå Wikipedia på bokmål, og «Renée Zellweger» frå Wikipedia på engelsk den 19. september 2021.